Hopp til innhold
X
Innhald

Carl Johan Nielsen

Carl Johan Nielsen, lærar, fjellvandrar og organisasjonsmenneske. Han gjekk under oppnamnet ”Norges Løve” på grunn av sitt sterke og høgrøysta engasjement i diskusjonar om nasjonale og språklege spørsmål.

Nielsen blei fødd i Lurøy i Nordland 10. september 1836 og døydde i Kristiania 2. mai 1879. Etter lærareksamen frå Tromsø i 1857 blei han omgangsskulelærar i Lyngen. Frå 1859 var han i Kristiania som småskulelærar, den lengste tida ved Hartvig Nissens skole, dei siste åra i førebuingsklassane ved katedralskulen. Han tok examen artium i 1864 og examen philosophicum i 1865, men fekk aldri gjennomført teologistudiet.
 
Nielsen var engasjert i lærarrørsla og i målrørsla. Han var med på å organisere fleire nordiske skulemøte, sat i det første styret for Det Norske Samlaget 1868–1869 og var medlem av Domsnemnda, den valde forlagsredaksjonen til Samlaget, 1872–1877.
 
Nielsen og hans ven Elias Blix gjekk ofte lange fotturar i fjellet. I Bondestudentar nytta Arne Garborg Nielsen som modell for den evige student «Karl Magnus». Nielsen sleit med psykiske problem og drukna seg til slutt i Akerselva.

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 25.04.2013