Hopp til innhold

Fernanda Nissen

Fernanda Nissen var kvinnesakskvinne og politikar. Ho arbeidde også som litteraturkritikar, journalist og redaktør.

Fernanda Nissen, 1863–1920, var kvinnesakskvinne og politikar for Arbeidarpartiet. Ho arbeidde også som litteraturkritikar, journalist og redaktør.

Nissen var fødd i Sannidal og flytta til Kristiania for å studere og vart då kjend med den første kvinna som studerte ved Universitetet, Cecilie Thoresen. Nissen var først aktiv i Venstre, men endra politisk ståstad etter streiken blant dei kvinnelege fyrstikkarbeidarane i Kristiania i 1889. Fernanda Nissen var då medlem i Norsk Kvinnesakforeining og etter streiken melde ho seg inn i Arbeiderpartiet og vart i 1890 leiar for den Kvindelige Fyrstiksarbeideres Forening.

Fernanda Nissen arbeidde som teaterkritikar og litteraturmeldar i fleire aviser og tidsskrift, mellom andre bladet Urd og var ein del av miljøet rundt Ninni Roll Anker, Hulda Garborg og Sigrid Undset. Nissen var ein av pådrivarane bak Folketeatret.

galleri


I 1910 vart Nissen vald inn i kommunestyret, og seinare bystyret og formannskapet i Kristiania. Ho arbeidde særleg for kvinnesak, kultur, helse og sosiale reforner, Ho var ein av dei som arbeidde for utdanning for jormødre og husmorskular. Fernanda Nissen var oppteken av å skape grøne lunger i byen og som ein fylgje av arbeidet hennar opna fleire parkar i hovudstaden, mellom anna Vigelandsparken, Sofienbergparken og Torshovparken. Desse parkane finst framleis og det er reist ei portrettbyste av henne i Torshovparken i Oslo.

Fernanda Nissen var på studiereise i Tyskland saman med Hulda Garborg då ho døydde av sjukdom.

Fernanda Nissen har fått ein skule oppkalt etter seg i Nydalen i Oslo, som opnar i 2016.



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.03.2016
Sist oppdatert: 31.03.2016