Hopp til innhold
X
Innhald

Grete Helland-Hansen Nash

Grete Helland-Hansen Nash, 1939–99, var keramikar.

Ho verka mellom anna som formgivar ved Den Kongelige Porcelainsfabrik i København. Nash er den som har utvikla kunnskapen om raku-keramikken i Noreg. Ho er kjend for store sakrale karformer i raku-keramikk med beherska dekor. Den seinare produksjonen har eit meir ekspressivt formspråk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.09.2016
Sist oppdatert: 29.09.2016