Hopp til innhold
Gudlaug Nederelid, Universitetet i Agder. Nytta etter avtale med universitetet.
Gudlaug Nederelid, Universitetet i Agder. Nytta etter avtale med universitetet.
X
Innhald

Gudlaug Nedrelid

Gudlaug Nedrelid, professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Agder, med namnegransking som det viktigaste emnet for forskinga ho driv.

Gudlaug Nedrelid er fødd 25. desember 1952 i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Ho hadde ein allsidig bakgrunn før ho tok høgare utdanning. Ho har både handelsskule og husmorskole og har arbeidd som budeie, kyrkjegardsarbeidar, arkivar og på bibliotek.

 

Ho tok pedagogisk seminar (no PPU) og blei cand.philol. med nordisk hovudfag frå Universitetet i Bergen i 1985. Hovudfagsoppgåva hadde tittelen Ola på Ola, og endå ein Ola. Personnamn i Indre Sogn i folketeljingi av 1801. I 1999 tok ho doktorgraden med ei avhandling om etternamn: «Ender og daa ein Aslaksen eller Bragestad". Etternamnsskikken på Sør- og Vestlandet. Ho har arbeidd ved Universitetet i Bergen som stipendiat (1989–92) og ved Universitetet i Åbo i Finland. Sidan 1992 har ho vore tilsett ved Universitetet i Agder, først som førsteamanuensis, seinare som professor.

 

Ho omsette Soga om Egil Einhendte og Åsmund Berserksbane. Tåtten om Norne-Gjest i 1989. I 1992 gav ho ut diktsamlinga I ulvekjeften, og ho redigerte Fyrste ferda bort. (1993), som er ein antologi med færøyske noveller, saman med Turið Sigurðardóttir og Idar Stegane.

 

Nedrelid har særleg arbeidd med namneforsking, norrønt og færøysk, og ho har eit stort engasjement for nordisk språk og kultur. I samband med at ho fylte 40 år i 1992 blei festskriftet Jostedalsrjupa laga.

 

Nedrelid er varamedlem i styret for Agder Vitenskapsakademi og har vore styremedlem i Mållaget i Kristiansand.

 

Kjelder

Info frå Universitetet i Bergen i samband med doktordisputasen til Gudlaug Nedrelid, uib.no: http://www.uib.no/info/dr_grad... [lesedato 25.9.2017]

Jostedalsrjupa. Festskrift til Gudlaug Nedrelid på førtiårsdagen 25. desember 1992. Bergen 1992. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: https://www.nb.no/nbsok/nb/888... [lesedato 25.9.2017]

 

Peikarar

«Gudlaug Nedrelid», profil hos Universitetet i Agder, uia.no

Soga om Egil Einhendte og Åsmund Berserksbane. Totten om Norne-Gjest, Oslo 1989. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Først publisert: 12.12.2017
Sist oppdatert: 12.12.2017