Hopp til innhold
Hans Jacob Nilsen Darnley i «Maria Stuart» på Nationaltheatret i 1932. Foto: Aage Remfeldt, kjelde: Oslo Museum (Teaterhistorisk samling) på oslobilder.no CC BY-SA 3.0 (biletnr. TM.T03120).
Hans Jacob Nilsen Darnley i «Maria Stuart» på Nationaltheatret i 1932. Foto: Aage Remfeldt, kjelde: Oslo Museum (Teaterhistorisk samling) på oslobilder.no CC BY-SA 3.0 (biletnr. TM.T03120).
X
Innhald

Hans Jacob Nilsen

Hans Jacob Nilsen, skodespelar og to gonger teatersjef ved Det Norske Teatret. Nilsen innførte den amerikanske musikalen ved Det Norske Teatret og stod bak ein epokeskapande versjon av Peer Gynt.

Hans Jacob Nilsen var fødd 8. november 1897 og døydde 6. mars 1957, berre 59 år gamal. Nilsen var ein av dei store fornyarane av norsk teater i det tjuande hundreåret, som skodespelar, instruktør og teatersjef. Han var i to periodar sjef for Det Norske Teatret.
Nilsen voks opp som son av ein velrenommert trelasthandlar i ein stor villa i Fredrikstad. Han såg stundom nokre teatergjestespel i ungdomen, men satsa sjølv på ingeniørkarriere og studium ved NTH i Trondheim. Her melde han seg som interessert til studentrevyen og spela rolla si med såpass bravur at teatersjefen ved Trondhjems Theater, Rasmus Rasmussen, tilbaud han fast engasjement. Nilsen takka nei, han meinte han burde lære meir om teater først og drog i staden til hovudstaden og Agnes Mowinckel, som engasjerte han usett til å spele Niels Stenssøn i Fru Inger til Østråt. Etter tre månader på turné med Mowinckel, og åtte månaders privatundervisning hos henne, takka Nilsen ja til fast engasjement ved Trondhjems Theater.
I 1925 flytta han vidare til Bergen og skodespelarstilling ved Den Nationale Scene, før han i 1927 drog til Oslo og Centralteateret. Allereie etter eitt år her kunne lynkarrieren kronast med fast tilsetjing ved Nationaltheatret, under Einar Skavlan.
Inspirert etter å ha spela i eit stykke ved Nationaltheatret som den svenske stjerneinstruktøren Per Lindberg hadde sett opp, ønskte Nilsen å instruere sjølv. 27. oktober 1929 debuterte han som instruktør med Robert C. Sheriffs Reisens slutt.
Fire år seinare, i 1933, vart han tilsett som sjef for Det Norske Teatret. Landsmålsavisa Den 17de Mai var skeptisk til austfoldingen, men etter berre eitt år i sjefsstolen hadde Nilsen vunne hjarta til teatervenene, mellom anna ved å skaffe Det Norske Teatret sitt første gjestespel i utlandet, då Dramatiska Teatern inviterte teatret til å spele Jeppe på Berget i Stockholm.
Etter berre eitt år ved Det Norske Teatret drog Nilsen til Bergen og vart teatersjef ved Den Nationale Scene. Dermed flytta han kraftsentret i norsk teater til Bergen, med dei legendariske framsyningane av Pär Lagerkvists Bøddelen (1934) og Nordahl Griegs Vår ære og vår makt (1935) mellom høgdepunkta.
I 1946 kom Nilsen attende som sjef ved Det Norske Teatret og vart denne gongen sitjande til 1950. Igjen gjorde Nilsen stor suksess som teatersjef, med Peer Gynt-framsyninga i 1948 som det store høgdepunktet. Harald Sæverud hadde komponert ny musikk, og Nilsen hadde valt ei regilinje der framsyninga skulle verte «avromantisert», der stykket skulle spelast tilnærma i sin heilskap, og der Peer skulle framstillast som ein opportunistisk kynikar og ingen nasjonalromantisk helt. Stykket fekk glitrande kritikkar i norske og utanlandske aviser, vart invitert til gjestespel i fleire land og er kanskje den viktigaste einskildframsyninga i Det Norske Teatrets historie.
Nilsen innførte òg den amerikanske musikalen ved Det Norske Teatret, då han importerte Broadway-suksessane Oklahoma! (1949) og Show Boat (1950).
Nilsen slutta ved Det Norske Teatret i 1950 for å starte som teatersjef ved det planlagde Folketeatret. Her lukkast han mindre godt og vart oppsagd i 1955 på grunn av dårleg publikumsoppslutnad. Han døydde to år seinare.
Kjelder
Arkivet til Det Norske Teatret
Sidsel Marie Nilsen: Helst mot urolig vær. Teatermannen Hans Jacob Nilsen. Oslo 1997
Knut Nygaard og Eiliv Eide: Den Nationale Scene 1931–1976. Oslo 1977

Først publisert: 14.02.2012
Sist oppdatert: 04.09.2013