Hopp til innhold
Foto: Miljøpartiet Dei Grøne/ Monica Løvdahl, Flickr.com CC BY-SA 2.0
Foto: Miljøpartiet Dei Grøne/ Monica Løvdahl, Flickr.com CC BY-SA 2.0
X
Innhald

Harald A. Nissen

Harald August Nissen, historikar, musikar, aktivist og nasjonal talsmann for Miljøpartiet De Grønne (MGD) 2011—14.

Harald A. Nissen er fødd 3. mai 1963 i Trondheim. Han gjekk vidaregåande skule i Trondheim i 1979–82, tok hovudfag i historie ved NTNU i 1996 og er doktorgradsstipendiat i mellomalderhistorie same staden.
Nissen har vore medlem av Miljøpartiet De Grønne sidan 1991 og var vararepresentant for De Grønne i bystyret i Trondheim i 1991–95 og hadde fast plass i 2003–11. I perioden 2011–15 var han den første bystyrerepresentanten for De Grønne i Oslo. Ved valet i 2013 var han førstekandidat til Stortinget for Sør-Trøndelag MDG. Nissen var nasjonal talsmann for partiet 2011—14. Dei politiske hjartesakene til Nissen er kulturpolitikk, grøn byplanlegging og utviklinga av den norske rettsstaten.
Han var vokalist i gruppene Det Glade Vanvidd (1984–89) og Albino Slug (1990–93), han har og vore med i performancegruppa The Four og i Ungdom For Fri Aktivitet (UFFA), og han etablerte og var redaktør for undergrunnsmagasinet Folk & Røvere (1986–94).
Nissen har vore aktiv i arbeidet for å bevare bydelen Svartlamoen i Trondheim og har vore leiar for Svartlamoen Næringsstiftelse.
Musikk av Det Glade Vanvidd, der Nissen var vokalist 1984–89. Her låten «Ut av byen» frå kassetten Meat (1986)
Kjelder
Om Harald A. Nissen på nettsidene til Miljøpartiet De Grønne, mgd.no: http://www.mdg.no/kandidat/harald-a-nissen/ [lesedato 18.8.2013]
Peikarar
«Det Glade Vanvidd – Ut Av Byen»: http://www.youtube.com/watch?v=2c1Mzm1HqK8

Først publisert: 25.11.2013
Sist oppdatert: 21.02.2017