Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Harald Tom Nesvik

Harald Tom Nesvik, fiskeriminister for Framstegspartiet. Tidlegare parlamentarisk leiar. Nesvik var stortingsrepresentant i 20 år, frå 1997 til 2017. 

Harald Tom Nesvik er fødd i Ålesund 4. mai 1966. Etter vidaregåande skule har han teke utdanning i eksportmarknadsføring for fiskeri ved Møre og Romsdal fiskeritekniske høgskole i åra frå 1991 til 1993. Saman med Otto Giskeødegård har han òg skrive læreboka: Produksjonslære for fiskeindustrien. I 2008 gjekk han på sjefskurset ved Forsvarets høgskole.

Han har vore tilsett i Activ vaktselskap som dørvakt, har vore instruktør i helsestudio og seljar ved Moa Elektromarked. Frå 2017 har han vore kommunikasjonsleiar hos brønnbåtreiaren Sølvtrans. 

Nesvik vart innvald i Ålesund bystyre i 1992 og sat som bystyremedlem fram til hausten 2013 ved sida av vervet som stortingsrepresentant, som han var frå 1997 til 2017. Han var òg medlem av formannskapet frå 1992 til 1997. I perioden 1994–97 var han gruppeleiar for FrP i bystyret. Lokalt har han vore medlem i Hamnestyret, og frå 2004 har han vore leiar i hamnerådet for Ålesund-regionen. Han har vore med i styret for Ålesund og Sula elektrisitetsverk og seinare i styret for Tafjord Kraft AS. I perioden 2004 til 2007 var han òg med i styret for Destinasjon Ålesund/Sunnmøre.

Nesvik har vore formann i Ålesund Framstegsparti, politisk nestformann i Møre og Romsdal FrP, og han har vore varamedlem til sentralstyret i partiet frå 2001 til 2005.

Ved sida av no avdøde John Alvheim var Harald Tom Nesvik på 1990- og 2000-talet den mest sentrale helsepolitikaren i Framstegspartiet, og han reknar Alvheim som sin politiske mentor. Saman sat dei som FrP-representantar i sosialkomiteen heilt fram til Alvheim døydde i 2005. Då rykte Nesvik opp som leiar i helse- og omsorgskomiteen, eit verv han hadde fram til valet i 2009. I perioden frå 2009 til 2013 var Nesvik nestleiar i næringskomiteen. Frå 2001 har han òg sete i gruppestyret i Framstegspartiet, som han 2013–2017 var leiar for. 

Både talegåver og lang røynsle er viktige eigenskapar for ein parlamentarisk leiar i Framstegspartiet, som for første gong i si 40-årige historie vart eit regjeringsparti i 2013. Nesvik er ein pragmatisk politikar som heile tida har vore lojal mot den politiske hovudkursen i Framstegspartiet.

13. august 2018 kom Harald Tom Nesvik tilbake til rikspolitikken då han vart utnemnd som fiskeriminister i Solberg-regjeringa. 

Kjelder

Harald Grytten: Hjemsted og by. Ålesund 1948–1998, bind 2, 1968–1998. Sunnmørsposten Forlag 1999

Harald Tom Nesvik, «Representanter og komiteer», stortinget.nohttps://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=HTN [lesedato 9.12.2013]

Pressemelding frå Statsministerens kontor 13.8.2018: https://www.regjeringen.no/no/...[lesedato 13.8.2018]

Først publisert: 24.07.2014
Sist oppdatert: 13.08.2018