Hopp til innhold
Helge André Njåstad. Foto: Stortinget.
Helge André Njåstad. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Helge André Njåstad

Helge André Njåstad, forleggjar og stortingsrepresentant for Framstegspartiet, blei som 23-åring den yngste ordføraren i landet.

Helge André Njåstad er fødd 5. juni 1980 i Bergen og voks opp i Austevoll i Hordaland. Han fullførte allmennfagleg utdanning frå Bergen Handelsgymnasium i 1999. Frå han gjekk ut av gymnaset og til han blei ordførar, arbeidde han som marknadsmedarbeidar i Austevoll Forlag AS. I 2003 blei han dagleg leiar i forlaget, som gir ut den nynorske vekeavisa Marsteinen.

I 1999 blei Njåstad vald til kommunestyremedlem for Framstegspartiet i Austevoll. Han blei vald til ordførar i Austevoll i 2003 og sat i dette vervet fram til han blei vald inn på Stortinget i 2013. Frå 2003 til 2015 var han medlem av fylkestinget i Hordaland.

Då Njåstad blei stortingsrepresentant i 2013, var han ein av dei i FrP med lengst kommunal- og regionalpolitisk erfaring. Dermed blei han leiar av kommunal- og forvaltningskomiteen allereie i den første stortingsperioden sin. I 2017 blei Njåstad attvald. Då blei han òg vald til parlamentarisk nestleiar for Framstegspartiet, og fraksjonsleiar og nestleiar i finanskomiteen. Njåstad høyrer til den delen av Framstegspartiet som først og fremst er oppteken av fridom for næringslivet, konkurranseutsetjing av offentlege tenester og utbygging av infrastruktur. Som ordførar stod han i spissen for privatisering og konkurranseutsetjing av så vel barnehagedrift som reinhald og vaktmeistertenester.

Njåstad var varamedlem til sentralstyret i Noregs Mållag i 2007–08. Han blir referert på nynorsk i Stortinget.

Kjelder

Helge André Njåstad, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=HNJ [lesedato 29.11.2017]

Vidar Gudvangen: «Han vil chatte med deg frå Stortinget», nrk.no, publisert 19.7.2013: https://www.nrk.no/valg2013/austevoll-ordforaren-ser-mot-tinget-1.11127174 [lesedato 29. november 2017]

Først publisert: 11.01.2018
Sist oppdatert: 11.01.2018