Hopp til innhold
X
Innhald

Isaac Newton

Sir Isaac Newton, 1642–1727, var engelsk matematikar og fysikar. Han utførte banebrytande arbeid i matematikk, fysikk og astronomi.  Saman med Leibniz blir Newton rekna som grunnleggjaren av den moderne matematiske analysen.
 
Newtons tre lover om kraft og rørsle dannar, saman med lova om gravitasjon, grunnlaget for heile den klassiske mekanikken. Ved hjelp av desse lovene forklarte Newton rørslene til både himmellekamar og til lekamar på jorda.
 
Hovudverk til Newton er Philosophiae naturalis principia mathematica (1687). I 1704 kom samleverket Optics, som i 100 år blei rekna som hovudverket om lyslæra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.12.2011
Sist oppdatert: 29.08.2013