Jens Richard Nilssen
Jens Richard Nilssen (1880–1964) var biletkunstnar og teiknar.
Han kom frå Lofoten og utdanna seg som målar og teiknar i Oslo og København. Frå om lag 1930 var han den viktigaste teiknaren for Norsk Barneblad og Nynorsk Vekeblad og skapte teikneseriar som Haukepatruljen, Smørbukk, Tuss og Troll og Vangsgutane, med mange ulike tekstforfattarar. Han teikna også i satiriske blad som Hvepsen og Humoristen.
Om artikkelen
Les kjeldelista til periodeartiklane om den nynorske skjønnlitteraturen.
Denne teksten er eit utdrag frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne, og er støtta av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Sist oppdatert: 18.06.2018