Faktaboks

Johan Nygaardsvold
Fødd
6. september 1879, Malvik
Død
13. mars 1952, Trondheim
Verke
Politiker
Familie

Foreldre: Husmann Anders Nygaardsvold (1839–97) og Andrea Ratvold (1845–1929).

Gift 6.6.1901 med Albine («Bine») Regine Brandslet (4.1.1878–29.8.1961), datter av husmann Peter Brandslet (1844–1925) og Kjersti Svian (1845–1929).

Johan Nygaardsvold
Johan Nygaardsvold var statsminister i Noreg frå 1935 til 1945. I krigsåra 1940–1945 arbeidde regjeringa i eksil frå London.
Av .
Londonregjeringa
Johan Nygaardsvolds var statsminister under andre verdskrigen, då den norske regjeringa oppholdt seg i London. Norske regjeringsmedlem fotografert i London på kong Haakons 70-årsdag 3. august 1942. Nygaardsvold lengst til høgre, Trygve Lie ved sida han.
Av /Riksarkivet.
Lisens: CC BY 4.0

Johan Nygaardsvold var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, stortingsrepresentant i over tretti år og statsminister frå 20. mars 1935 til 25. juni 1945.

Som reformpolitikar før andre verdskrigen og som regjeringssjef ved krigsutbrotet i 1940 er Nygaardsvolds ettermæle todelt.

Meir enn nokon har han æra for at viktige velferdsordningar vart vedtekne og gjennomførte. Prisen var at det militære forsvaret i landet vart forsømt. Nygaardsvold er derfor i auga til mange gjort ansvarleg for at Noreg vart eit lett byte for okkupasjonsmakta i 1940.

I krigsåra, derimot, var han saman med kong Haakon 7 ein samlande figur i den norske motstandskampen, og leiia Londonregjeringa.

Undersøkingskommisjonen av 1945 fann ikkje å kunne frita Nygaardsvold for ein del av ansvaret for den manglande forsvarsberedskapen før og ved krigsutbrotet, men ytte han anerkjenning for arbeidet i London.

Johan Nygaardsvold var ein av Arbeidarpartiets sterkaste og mest samlande krefter både som talar og agitator. Ved sida av Einar Gerhardsen har han vorte ståande som den mest ruvande leiarskikkelsen i Arbeidarpartiet i det tjuande hundreåret. Nygaardsvold var også personleg populær innan alle politiske parti.

Bakgrunn og tidleg karriere

Johan Nygaardsvold voks opp på husmannsplassen Nygårdsvollen under garden Karlslyst i Malvik kommune. Han lærde tidleg å lese og kasta seg over alle bøker han kom over. Leselysta følgde Nygaardsvold livet ut, og det var ikkje dokument han likte best å lese, men skjønnlitteratur og historiske bøker. I tolvårsalderen fekk han arbeid ved Hommelvik Bruk, og då vart han storforbrukar på folkebiblioteket. 17 år gamal tok han til på det lokale teglverket. Der var han til 1901, då han gifte seg.

Tidene vart dårlegare, og for første gong fekk Nygaardsvold prøve arbeidsløysa. Frå 1902 til 1907 budde han i Amerika. Fyrst reiste han til Canada, der han eitt års tid arbeidde med skogsarbeid. Deretter reiste han til USA, der han brødfødde seg som anleggsarbeidar. Under dette opphaldet lærte han seg både å snakke og å skrive nokolunde engelsk, og det skulle kome han til nytte seinare i livet. «Over there» kalla han seg John Westby. Det rette namnet vart for vanskeleg.

Lokalpolitikar og stortingsrepresentant

Etter heimkomsten arbeidde Nyggardsvold som tomte- og sagbruksarbeidar i Hommelvik. Han kom i kontakt med fagrørsla og vart formann i den lokale foreninga av Arbeidsmannsforbundet. Det opna også for posisjonar i lokalpolitikken. Han vart medlem av Malvik kommunestyre i 1914 og hadde alt i 1910 vorte medlem av skulestyret, der han gjorde ein stor innsats. Nygaardsvold vart lagt merkje til, ikkje minst av Martin Tranmæl, og i 1915 vart han innvald til Stortinget frå Strinden valkrins. Han var då den nest yngste på Stortinget.

Nygaardsvold sjølv var motvillig til å stille til val. Han mangla tillit til eigne talegåver og nekta å tale i valkampen. Etter ein periode på Stortinget sa han også frå seg attval, men vart pressa til å stille på nytt. Det var Nygaardsvold som definerte ein treårig stortingsperiode slik (fram til 1936 var det tre år, deretter fire): Første året går ein berre og lengtar etter at det tre åra skal vere slutt, slik at ein kan reise heim att. Andre året finn ein at det er ikkje så verst likevel, og tredje året tek ein til å spekulere på korleis ein skal sikre attval.

Han var medlem av Malvik heradstyre frå 1914 til 1916 og frå 1920 til 1931, og ordførar frå 1920 til 1922. Han var stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag frå 1916 til 1949; visepresident i Stortinget frå 1928, formann i stortingsgruppa frå 1932 til 1935, lagtingspresident frå 1929 til 1933 og stortingspresident frå 1934 til 1935.

Moskvatesene

I striden om Arbeidarpartiets deltaking i Komintern frå 1918 og utover, følgde Nygaardsvold Tranmæls kurs, men då den kommunistiske verdskongressen i Moskva i 1920 vedtok dei såkalla «Moskvatesene» var Nygaardsvold ein av dei som reiste bust. Men han vart verande i partiet trass i at tesene vart akseptert. Han var sterk motstandar av partisplittinga som skjedde då sosialdemokratane braut ut og i 1921 skipa sitt eige parti, Noregs Socialdemokratiske Arbeidarparti. På landsmøtet hausten 1923, der Arbeidarpartiet braut med Komintern, var Nygaardsvold ein av underskrivarane på det framlegget som fekk fleirtal og som i realiteten var eit brot med Moskva. Han var også ein av dei to dirigentane på dette landsmøtet, og vart lagt merke til.

Landbruksminister (1928)

Då Arbeidarpartiet skulle skipe si første regjering i 1928, ville Martin Tranmæl ha Nygaardsvold som statsminister. Då truga han med å reise heim att til Hommelvik. Han nekta plent, reiste seg «som en rasende slagbjørn» og gjekk til Standard Hotell, der han budde, for å pakke kofferten. Partiformannen, Oscar Torp måtte gå etter han til hotellet for å hindre at han reiste. I staden tok Christopher Hornsrud på seg oppdraget. Nygaardsvold gjekk inn i regjeringa som landbruksminister. Kameratane heime i Hommelvik hadde mykje moro av at han Johan, eigaren av eitt mål jord, hadde overteke den statsrådposten som berre storbønder tidlegare hadde hatt. Denne regjeringa sat berre i snaue tre veker. I 1928 kom Nygaardsvold også inn i utanriks- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.

Nygaardsvold var svært skeptisk til den radikaliseringa som kom til syne i Arbeidarpartiets program i 1930. I det nye programmet heitte det at partiet kunne erobre makta også utan å oppnå fleirtal blant veljarane. Formuleringane fekk eit noko meir revolusjonært preg som Nygaardsvold var sterk motstandar av. Han var tilhengar av ei nasjonal og jordnær form for sosialisme, og det var etter kvart Nygaardsvolds kurs som vart partiets kurs.

Nygaardsvold opparbeidde seg etter kvart ein svært sterk posisjon både i Arbeidarpartiet og på Stortinget. Han var den pragmatiske parlamentarikaren som hadde liten sans for partifellar som rei ideologiske kjepphestar.

Kriseforliket

Johan Nygaardsvold
Johan Nygaardsvold var sentral i utforminga av kriseforliket mellom Arbeidarpartiet og Bondepartiet i 1933. Foto frå 1934.
Av /Oslo Museum.

Nygaardsvold stod svært sentralt i den nye politikken som følgde av kriseprogrammet (kriseforliket) i 1932 og førte til den store valsigeren i 1933.

I 1932 var Nygaardsvold leiar for programkomiteen som utarbeidde det såkalla kriseprogrammet. Han forma også slagordet «Hele folket i arbeid» som Arbeidarpartiet vann valet med i 1933. Då var det ingen tvil om at Nygaardsvold skulle bli Arbeidarpartiets statsministerkandidat, men han måtte vente til 1935 før Venstres Johan Ludwig Mowinckel vart kasta. Då hadde det gode tilhøvet mellom Nygaardsvold og Bondepartiets leiar, Jens Hundseid, skapt klima for eit kriseforlik mellom Arbeidarpartiet og Bondepartiet.

Kriseforliket var ingen skriftleg avtale, men ei semje om endringar i regjeringa Mowinckels budsjett, der hovudpoenget var at dei offentlege løyvingane til kriseutsette grupper skulle auke. Også i 1936 var det samarbeid mellom Ap og Bondepartiet om budsjettet, men seinare skilde Arbeidarpartiet og Bondepartiet lag i synet på auka løyvingar til forsvaret, og det vart i staden Venstre som sikra fleirtal for varsemd når det galdt å auke forsvarsløyvingane.

Statsminister

Nygaardsvolds regjering

Johan Nygaardsvold danna regjering i 1935. Bak frå venstre: sosialminister Kornelius Bergsvik, handelsminister Alfred Martin Madsen, undervisningsminister Nils Hjelmtveit og justisminister Trygve Lie. Foran frå venstre: forsvarsminister Fredrik Monsen, utanriksminister Halvdan Koht, statsminister Johan Nygaardsvold, finansminister Adolf Indrebø og landbruksminister Hans Ystgaard.

Av /Kraftmuseet.
Lisens: CC BY NC SA 4.0

Etter kriseforliket med Bondepartiet i 1935 danna Nygaardsvold den arbeidarpartiregjeringa som vart sitjande heilt til etter frigjeringa i 1945. Ingen annan nordmann har vore regjeringssjef samanhengande så lenge etter gjennombrotet til parlamentarismen.

Regjeringsmedlem og samarbeidspartnarar

Det var Stortinget som var Nygaardsvolds basis, og han hadde bakgrunnen sin frå lokalpolitikken. Då han skipa regjering, valde han då også sju av ni statsrådar med forankring i det parlamentariske livet og i lokalpolitikken. På mange måtar vart dei ei distriktsregjering. Berre to kom frå Arbeidarpartiets sentralstyre. Først etter eit halvt år slapp partiformannen, Oscar Torp, til i regjeringa. På den måten opna Martin Tranmæl for avansement for nestformann Einar Gerhardsen som den neste partiformannen og statsministeren. I realiteten fekk Arbeidarpartiet med denne regjeringa ein ny maktbase ved sidan av sentral- og landsstyret, og snart vart regjeringa den viktigaste.

Nygaardsvold hadde heller ikkje noko nært vennskapeleg forhold til krinsen rundt Tranmæl og heller ikkje til LO. Hans næraste samarbeidspartnar og venn i regjeringa var kanskje Nils Hjelmtveit, som var kyrkje- og undervisningsminister i heile Nygaardsvold si regjeringstid. Men på personleg god fot sto han også med Venstre-leiaren Johan Ludwig Mowinckel, og ikkje minst med sin argaste politiske motstandar, Høgre-leiaren Carl J. Hambro.

Velferdspolitiske reformer

Johan Nygaardsvold

Fundamentet for den moderne velferdsstaten vart lagd under Johan Nygaardsvolds første regjeringsperiode. Valgplakat frå stortingsvalget 1936.

Johan Nygaardsvold
Av /Kunnskapsforlagets arkiv ※.

Nygaardsvold-regjeringa i 1935 er blitt sett på som eit tidsskilje, dels fordi politikken vart lagt om i retning auka offentleg styring og innsats i samfunnet, men ikkje minst fordi dette innevarsla nesten 30 år med Ap-regjeringar.

Særleg sosialpolitikken interesserte Nygaardsvold, og det kom ei lang rekkje sosialpolitiske reformer frå 1935 til 1938, då fundamentet for den moderne velferdsstaten vart lagd.

Dei statlege utgiftene til sosiale formål vart meir enn dobla. Lov om alderstrygd var viktigast, og åtte timars arbeidsdag for alle vart lovfesta. Også retten til ni dagars ferie vart lovfesta.

Lov om arbeidsløysetrygd kom i 1938, og ei ny lov om arbeidarvern avløyste fabrikktilsynslova av 1892. Også funksjonshemma fekk sine første rettar frå det offentlege.

Regjeringsdanninga i 1935 markerte eit definitivt brot med det dåverande fattigvesenet.

Forsvarspolitikk

Det var kampen for småkårsfolket Nygaardsvold ville føre, men etter kvart som krigsfaren nærma seg vart politikken meir og meir prega av ein debatt om forsvaret. Han meinte at smør var viktigare enn kanoner, og det meinte han heilt til krigen kom.

Saman med Johan Ludwig Mowinckel var Nygaardsvold ein motstandar av auka militærløyvingar utover i 1930-åra. Sjølv då Arbeidarpartiet i siste halvdel av 1930-åra la om politikken sin i meir forsvarsvennleg lei, vart Nygaardsvold ein bremsekloss. Dette var då også mykje av grunnen til den kritikken som kom mot han i krigsåra. Det er rett å seie at krigen kom som eit sjokk på Nygaardsvold. Han trudde nok at den norske nøytralitetspolitikken, som særleg utanriksminister Halvdan Koht var talsmann for, og som offisielt hadde vore norsk utanrikspolitikk sidan 1905, skulle halde Noreg utanfor også denne verdskrigen.

I stor grad overlot Nygaardsvold utanrikspolitikken til Koht, som likte å pusle med dette for seg sjølv. Mangel på kontakt med dei andre regjeringsmedlemene skal ha vore eit typisk trekk ved Koht, og han vart då også kritisert av Undersøkingskommisjonen av 1945 for manglande informasjon både til regjeringa og Stortinget i dagane før 9. april.

Andre verdskrigen

Kongens nei
Både regjeringa og kong Haakon 7 («Kongens nei») avslo den tyske okkupasjonsmaktas krav om å gjere Vidkun Quisling til statsminister. Biletet viser dokumentet der kongen skriv under på at han avslår. Kongens signatur i midten, Nygaardsvolds til venstre, statssekretær Bredo Rolsteds til høgre. Teksten: «Trysil, 10. april 1940. Statsråd hos Kongen. Kronprinsen var tilstede. Statsminister Nygaardsvold samt statsrådene Ystgaard, Hjelmtveit, Lie, Støstad, Frihagen, Hindahl og Ljungberg møtte. Utenriksminister Koht samt statsrådene Wold og Torp var fraværende. Statsrådet tilrådde Kongen å meddele avslag på det ultimatum som Tyskland i framlagt utkast har stilt om å utnevne major Quisling til Statsminister. Kongen bifalt Statsrådets tilråding.»
Av /Riksarkivet.

andre verdskrigen verkeleg kom til landet, natta til 9. april, var Nygaardsvold blant dei første til å avvise det tyske ultimatumet. På føremiddagen derimot, då han møtte C. J. Hambro i Hamar, hadde tvilen kome sigande.

Nygaardsvold meinte det burde skipast ei samlingsregjering med Hambro som sjef, og då kong Haakon 7. kom, innleverte han ein søknad om avskjed. Hambro meinte eit regjeringsskifte på dette tidspunktet kunne kome til å forkludre situasjonen og gjere det lettare for tyskarane, og fekk støtte frå kongen i det synspunktet. Kongen nekta å godta avskjedssøknaden frå Nygaardsvold. Stortinget stadfesta avslaget seinare. Det var inga stor styringslyst over statsministeren den dagen. Snarare var det eit samanbrot. Framfor alt var det Hambro, nokre av dei andre statsrådane og kong Haakon som hadde styringa.

Nei til Quisling

Neste dag kom det endelege nei til dei tyske vilkåra både frå kongen og regjeringa. Det tyske kravet om Vidkun Quisling som statsminister kunne ikkje aksepterast fordi han ikkje hadde noko som helst slags parlamentarisk grunnlag bak seg, og vala hadde også vist at han mangla tillit i folket. I farens stund og med utsikt til at regjeringa måtte røme landet, var det viktig å halde oppe den konstitusjonelle regjeringsinstitusjonen.

Frå 9. april hadde Arbeidarpartiet blitt både nasjonens og konstitusjonens forsvarar. 9. april var også eit nederlag for den alliansefrie politikken, og dei vedtak som vart gjort den dagen la på mange måtar grunnlaget for den alliansepolitikken som er blitt følgt i etterkrigstida.

Londonregjeringa

Johan Nygaardsvold

Johan Nygaardsvold og prins Harald på Pooks Hill, USA, sumaren 1942. Bilde frå Norsk biografisk leksikon.

Johan Nygaardsvold
Av /NTB Scanpix ※.

Nygaardsvold var aldri i tvil om at regjeringa burde forlate Noreg for å halde fram frigjeringskampen frå London med basis i Elverumsfullmakta.

Det å styre landet frå London i fem lange år var ikkje enkelt, og særleg i tilhøvet mellom regjeringa ute og heimefronten kom Nygaardsvold til å spele ei heilt sentral rolle. Som historikaren Olav Riste skriv i ei av bøkene sine om Londonregjeringa: «Når Nygaardsvold ruvar og får statsmannsdimensjonar som norsk regjeringssjef i London under krigen, så er det først og fremst som det vi kan kalle utefrontens «innanriksminister». Tilhøvet til heimefronten var det han som tok seg av, og det finst knapt ei einaste viktig politisk sak i tilhøvet mellom regjeringa og heimefronten som ikkje kan førast tilbake til Nygaardsvold. Både sta og oppfarande, og tidvis også konfliktskapande, losa han det livsviktige tilhøvet mellom heime- og utefront gjennom den eine brottsjøen etter den andre, også her med god hjelp og støtte frå kong Haakon.

Arbeidarpartiregjeringa vart supplert med tre konsultative statsrådar frå dei borgarlege partia (Londonregjeringa). Saman med kong Haakon avviste regjeringa fleire oppmodingar, mellom anna frå Stortingets presidentskap, om å gå av.

Etter krigen

Regjeringa Nygaardsvold kjem heim

Regjeringa Nygaardsvold (Londonregjeringa) kjem heim til Noerg 31. mai 1945. Statsminister Johan Nygaardsvold foran til høyre, Trygve Lie til venstre. C. J. Hambro står halvt skjult bak Nygaardsvold. Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.

Regjeringa Nygaardsvold kjem heim
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 3.0

Heimkomsten

Endå meir enn resten av «utefronten» var Nygaardsvold uviss og litt redd for kva mottaking han ville få når han etter fem år i utlegd skulle setje foten på norsk jord. Det jubelbruset som møtte han og regjeringa når dei steig i land i Oslo 31. mai 1945, ga eit første svar, og det varma. Det skulle snart bli kaldare. Nygaardsvold hadde fleire gongar under krigen offentleg sagt frå at når freden kom ville regjeringa søke avskjed. Han hadde også nærast blitt pressa til å seie det av heimefronten. Han rekna med at regjeringa skulle granskast, og mens det skjedde burde ho ikkje bli sitjande.

I det første statsråd etter krigen, den 12. juni 1945, innleverte Nygaardsvold søknaden om avskjed, men han hadde ikkje anna råd å gi kongen om etterfølgjaren enn at han ba kong Haakon snakke med partileiarane, med leiaren i heimefronten, høgsterettsjustitiarius Paal Berg og med stortingspresident Hambro. Rådet frå Hambro og frå partileiarane var at Paal Berg burde prøve å skipe ei samlingsregjering, men det vart snart klart at det ikkje gjekk. Hambro og Høgre ville ikkje støtte ei regjering der to frå Nygaardsvold-regjeringa, Oscar Torp og Trygve Lie, skulle vere med. Arbeidarpartiet kravde dei med. Der stranda det og Berg måtte gi seg.

Gerhardsen tek over

Den 25. juni gjekk Nygaardsvold av og Einar Gerhardsen tok over. Etter at han kom heim og i heile denne prosessen hadde Nygaardsvold stort sett vore tilskodar. Som statsminister var han bitter for ikkje å ha blitt teken med på råd. Han hadde tenkt seg at han fekk vere med på å legge planane for etterkrigstida. Han ville levere «stafettpinnen» vidare på ein verdig måte. Slik gjekk det ikkje. Det var ikkje ein gong tenkt på at statsministeren skulle halde tale den 7. juni når kongen kom attende til landet. Her greip Hambro inn og ordna det slik at både han sjølv og Nygaardsvold fekk seie «et par ord» til kongen.

Konfliktlinene denne første tida gjekk på eit merkeleg vis mellom parlamentarikarane i utlegd, representert ved Nygaardsvold og Hambro, på den eine sida, og utanom-parlamentarikarane med bakgrunn i heimefronten, representert ved Einar Gerhardsen og Paal Berg, på den andre.

Nygaardsvold vart attvald til Stortinget ved valet i oktober 1945. Han gjekk inn i sin siste stortingsperiode, og stilte til val for å kunne forsvare seg i den politiske oppvasken han rekna med ville kome.

Undersøkingskommisjonen av 1945

Johan Nygaardsvold
Johan Nygaardsvold vinkar til folketoget frå statsministerboligen 7. juni 1945.
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Regjeringa Gerhardsen hadde sett ned ein granskingskommisjon som skulle vurdere regjeringa Nygaardsvold sin handlemåte både før og etter 9. april. Undersøkingskommisjonen av 1945 konkluderte med at det ikkje var nemnande å utsetje på handlemåten til London-regjeringa, men derimot var der nokså sterk kritikk av regjeringa sin politikk fram til 9. april 1940. Særleg var kritikken mot Halvdan Koht sterk for hans mangelfulle informasjon både til regjeringskollegaer og til Stortinget i tida før det tyske åtaket.

Johan Nygaardsvold reagerte sterkt på kritikken, og stilte krav om at han skulle stillast for riksrett, slik at han hadde høve til å forsvare seg. Dette vart vurdert av protokollkomiteen i Stortinget, men fleirtalet i komiteen fann at det ikkje var grunnlag for riksrettstiltale. Mindretalet meinte det var slikt grunnlag. I debatten om saka i Odelstinget hadde Nygaardsvold ordet og tok ein grundig gjennomgang av alle skuldingane mot regjeringa. Der enda saka. Odelstinget konkluderte til slutt med at «Saken gir ikke anledning til noen forføyning fra Odelstingets side». Ved avslutninga av debatten konkluderte C. J. Hambro på følgjande måte: «De gjorde det så godt de kunne. Deri ligger deres undskyldning og deri ligger deres dom».

I ettertid har historikarane som har granska det som skjedde i tida før krigsutbrotet kome til at feilvurderingane av den tyske krigsmakta som vart gjort her i landet, neppe var særleg meir graverande enn feilvurderingane i andre land. Ute blant folk flest dei første åra etter krigen, vart likevel regjeringa Nygaardsvold, og særleg utanriksminister Koht, halden som ansvarleg for 9. april. Stemninga var bitter like etter freden, men mildna med åra.

Då Nygaardsvolds regjering tredde tilbake, vart han av Stortinget einstemmig løyvd ei æreslønn, som han likevel i si tid som stortingsrepresentant (til 1949) lét vere å heve.

Nygaardsvold var i mange år formann i Sør-Trøndelag arbeidarparti, og frå 1923 til sin død var han medlem av Arbeidarpartiets landsstyre.

Utmerkingar

I 1949 fekk han Borgerdådsmedaljen i gull, same år som han trekte seg tilbake frå Stortinget. Det er den høgaste utmerkinga ein nordmann kan få, og han var glad for utnemninga. Han såg det som ei slags oppreising. I februar 1952 vart Nygaardsvold lagt inn på sjukehus i Trondheim med kreft. Han døydde 13. mars 1952.

Ein bronsestatue av Nygaardsvold, utført av Per Palle Storm, vart avduka i Trondheim 1986. I 1985 vart plassen framfor regjeringsbygget i Oslo kalla opp etter Nygaardsvold.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Biografier

  • Beretning om den norske regjerings virksomhet fra 9. april 1940 til 25. juni 1945, 1947.
  • Min barndom og ungdom, 1953, utgitt etter hans død
  • Dagbøker 1918–48 og utvalgte brev og papirer 1916–52, 1998, utgitt av Harald Berntsen.

Litteratur

  • Berntsen, Harald: I malstrømmen: Johan Nygaardsvold 1879–1952, 1991
  • Hirsti, Reidar: Gubben: Johan Nygaardsvold : mannen og epoken, 1982
  • Gudleiv Forr: Johan Nygaardsvold. Gubben fra Hommelvik, i Mellom plikt og lyst. Norske statsministre 1873-2010, 2010

Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999

Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Faktaboks

Johan Nygaardsvold
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036849002080

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg