Hopp til innhold
Foto: Statsministerens kontor
Foto: Statsministerens kontor
X
Innhald

Johan Nygaardsvold

Johan Nygaardsvold, industriarbeidar og politikar. Leia Noregs regjering frå London under andre verdskrigen.

Johan Nygaardsvold vart fødd 6. september 1879 i Hommelvik i Malvik kommune i Sør-Trøndelag. Han døydde i Trondheim 13. mars 1952.
Det skulle bli Johan Nygaardsvolds lagnad at han, den mest overtydde anti-militaristen av dei alle, vart krigsherren blant norske statsministrar. Som krigsherre hadde han ikkje dei store dimensjonane. Han var i tvil om han hadde styrke nok og dei rette evnene, men kven ville ikkje ha vore i tvil framfor det som skulle bli den tyngste oppgåva nokon norsk statsminister har hatt.
I ettertid er vurderinga at han med gode medarbeidarar si hjelp valde rett kurs i alle avgjerande vegkryss gjennom krigen, men han var ofte nedtrykt i sorg og tvil. Endå så sta, bisk og snarsint han kunne vere, så var Nygaardsvold ein mjuk mann. Krigføring og utanrikspolitikk var ikkje hans sterke side, men han hadde ei kjelde med sunt bondevit å ause av som ofte medverka til nyttige kurskorrigeringar. Ikkje minst kong Haakon og statsminister Nygaardsvold hadde stor gjensidig nytte av kvarandre i desse vanskelege åra. Mens Nygaardsvolds temperament tidvis gjorde det vanskeleg for andre å samarbeide med han, så gjekk samarbeidet med kongen smertefritt.
Sjå video frå NRK Skole:

Canada og USA

Johan Nygaardsvold voks opp på husmannsplassen Nygårdsvollen under garden Karlslyst i Malvik kommune. Han lærde tidleg å lese og kasta seg over alle bøker han kom over. Leselysta følgde Johan Nygaardsvold livet ut, og det var ikkje dokument han likte best å lese, men skjønnlitteratur og historiske bøker. I tolvårsalderen fekk han arbeid ved Hommelvik Bruk, og då vart han storforbrukar på folkebiblioteket. 17 år gamal tok han til på det lokale teglverket. Der var han til 1901, då han gifte seg.
Tidene vart dårlegare og for første gong fekk Nygaardsvold prøve arbeidsløysa. Året etter reiste han til Canada, der han eitt års tid arbeidde med skogsarbeid. Deretter reiste han til USA, der han brødfødde seg som anleggsarbeidar. Under dette opphaldet lærte han seg både å snakke og å skrive nokolunde engelsk, og det skulle kome han til nytte seinare i livet. «Over there» kalla han seg John Westby. Det rette namnet vart for vanskeleg.

På Stortinget

I 1907 kom han heim att, og tok etter kvart til som sagbruksarbeidar i Hommelvik. Han kom i kontakt med fagrørsla og vart formann i den lokale foreninga av Arbeidsmannsforbundet. Det opna også for posisjonar i lokalpolitikken. Han vart medlem av Malvik kommunestyre i 1914 og hadde alt i 1910 vorte medlem av skulestyret, der han gjorde ein stor innsats. Nygaardsvold vart lagt merkje til, ikkje minst av Martin Tranmæl, og i 1915 vart han innvald til Stortinget frå Strinden valkrins. Han var då den nest yngste på Stortinget.
Nygaardsvold sjølv var motvillig til å stille til val. Han mangla tillit til eigne talegåver og nekta å tale i valkampen. Etter ein periode på Stortinget sa han også frå seg attval, men vart pressa til å stille på nytt. Det var Nygaardsvold som definerte ein treårig stortingsperiode slik(fram til 1936 var det tre år, deretter fire): Første året går ein berre og lengtar etter at det tre åra skal vere slutt, slik at ein kan reise heim att. Andre året finn ein at det er ikkje så verst likevel, og tredje året tek ein til å spekulere på korleis ein skal sikre attval.
I striden om deltakinga i Komintern frå 1918 og utover, følgde Nygaardsvold Tranmæls kurs, men då den kommunistiske verdskongressen i Moskva i 1920 vedtok dei såkalla «Moskva-tesene» var Nygaardsvold ein av dei som reiste bust. Men han vart verande i partiet trass i at tesene vart akseptert. Han var sterk motstandar av partisplittinga som skjedde då sosialdemokratane braut ut og i 1921 skipa sitt eige parti. På landsmøtet hausten1923, der Arbeidarpartiet braut med Komintern, var Nygaardsvold ein av underskrivarane på det framlegget som fekk fleirtal og som i realiteten var eit brot med Moskva. Han var også ein av dei to dirigentane på dette landsmøtet, og vart lagt merke til.

Motvillig statsråd

Då Arbeidarpartiet skulle skipe si første regjering i 1928, ville Martin Tranmæl ha Nygaardsvold som statsminister. Då truga han med å reise heim att til Hommelvik. Han nekta plent, reiste seg «som en rasende slagbjørn» og gjekk til Standard Hotell, der han budde, for å pakke kofferten. Partiformannen, Oscar Torp måtte gå etter han til hotellet for å hindre at han reiste. I staden gjekk han motvillig med på å bli landbruksminister i Hornsrud-regjeringa. Kameratane heime i Hommelvik hadde mykje moro av at han Johan, eigaren av eitt mål jord, hadde overteke den statsrådposten som berre storbønder tidlegare hadde hatt. I 1928 kom han også inn i utanriks- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.
Johan Nygaardsvold var svært skeptisk til den radikaliseringa som kom til syne i Arbeidarpartiets program i 1930. I det nye programmet heitte det at partiet kunne erobre makta også utan å oppnå fleirtal blant veljarane. Formuleringane fekk eit noko meir revolusjonært preg som Nygaardsvold var sterk motstandar av. Han var tilhengar av ei nasjonal og jordnær form for sosialisme, og det var etter kvart Nygaardsvolds kurs som vart partiets kurs.

«Hele folket i arbeid»

Valnederlaget i 1930 hadde overtydd tvilarane. I 1932 var han leiar for programkomiteen som utarbeidde det såkalla kriseprogrammet. Han forma også slagordet «Hele folket i arbeid» som Arbeidarpartiet vann valet med i 1933. Då var det ingen tvil om at Nygaardsvold skulle bli Arbeidarpartiets statsministerkandidat, men han måtte vente til 1935 før Mowinckel vart kasta. Då hadde det gode tilhøvet mellom Nygaardsvold og Bondepartiets leiar, Jens Hundseid, skapt klima for eit kriseforlik mellom Arbeidarpartiet og Bondepartiet.
Kriseforliket var ingen skriftleg avtale, men ei semje om endringar i regjeringa Mowinckels budsjett, der hovudpoenget var at dei offentlege løyvingane til kriseutsette grupper skulle auke. Også i 1936 var det samarbeid mellom Ap og Bondepartiet om budsjettet, men seinare skilde Arbeidarpartiet og Bondepartiet lag i synet på auka løyvingar til forsvaret, og det vart i staden Venstre som sikra fleirtal for varsemd når det galdt å auke forsvarsløyvingane.

Eit tidsskilje

Nygaardsvold-regjeringa i 1935 er blitt sett på som eit tidsskilje, dels fordi politikken vart lagt om i retning auka offentleg styring og innsats i samfunnet, men ikkje minst fordi dette innevarsla nesten 30 år med Ap-regjeringar.
Særleg sosialpolitikken interesserte Nygaardsvold, og det kom ei lang rekkje sosialpolitiske reformer frå 1935 til 1938. Den viktigaste var kanskje alderstrygda, og det rare er at nesten heile denne reformpakken oppnådde brei semje i Stortinget. Det var kampen for småkårsfolket Nygaardsvold ville føre, men etter kvart som krigsfaren nærma seg vart politikken meir og meir prega av ein debatt om forsvaret. Han meinte at smør var viktigare enn kanoner, og det meinte han heilt til krigen kom. Rund og godsleg fekk han sakene igjennom i Stortinget sjølv om regjeringa var i mindretal. Det var i denne førkrigstida han fekk tilnamnet «Gubben».
Om ein ser bort frå Frederik Stang sin lange periode som leiar av regjeringa, før han fekk tittelen statsminister, er det ingen i Noreg som har lenger samanhengande tenestetid som statsminister enn Johan Nygaardsvold. I dette portrettet er det ikkje rom for anna enn brotstykke av dei vanskelege krigsåra, men starten på krigen høyrer med.

Den vonde krigen

Saman med Venstre-leiaren Johan Ludw. Mowinckel, som han likte og samarbeidde godt med, var Nygaardsvold ein motstandar av auka militærløyvingar utover i 1930-åra. Sjølv då Arbeidarpartiet i siste halvdel av 1930-åra la om politikken sin i meir forsvarsvennleg lei, vart Nygaardsvold ein bremsekloss. Dette var då også mykje av grunnen til den kritikken som kom mot han i krigsåra. Det er rett å seie at krigen kom som eit sjokk på Johan Nygaardsvold. Han trudde nok at den norske nøytralitetspolitikken, som særleg utanriksminister Halfdan Koht var talsmann for, og som offisielt hadde vore norsk utanrikspolitikk sidan 1905, skulle halde Noreg utanfor også denne verdskrigen. I stor grad overlot Nygaardsvold utanrikspolitikken til Koht, som likte å pusle med dette for seg sjølv. Mangel på kontakt med dei andre regjeringsmedlemene skal ha vore eit typisk trekk ved Koht, og han vart då også kritisert av Undersøkingskommisjonen av 1945 for manglande informasjon både til regjeringa og Stortinget i dagane før 9. april.
I Harald Berntsens Nygaardsvold-biografi, «I malstrømmen», blir det fortalt at statsminister Nygaardsvold den 6. april fekk sin personlege venn, men politiske uvenn, høgreleiaren C.J. Hambro til å ringe til Koht for å høyre om det var noko nytt om krigsutviklinga som hadde med Noreg å gjere. Hambro var formann i utanrikskomiteen og hadde grunn til å snakke med utanriksministeren. Grunngivinga frå Nygaardsvold var at «Koht snakker jo ikke med oss, men han forteller av og til deg noe». På telefonen svarte Koht den kvelden at det var ikkje noko nytt som det var nødvendig å legge fram for utanrikskomiteen.

(Sjå også artikkelen «Noreg under andre verdskrig»).

Trua som brast

Då krigen verkeleg kom til landet, natta til 9. april, var Nygaardsvold blant dei første til å avvise det tyske ultimatumet. Han vart sint og sa tvert nei, nesten instinktivt, ein kombinasjon dei som hadde møtt Nygaardsvold, kjende frå før. På føremiddagen derimot, då han møtte C. J. Hambro i Hamar, hadde tvilen kome sigande. Dei to hadde vore politiske motstandarar i ein mannsalder, men vart betre og betre venner, og i ein samtale før stortingsmøtet på Hamar, kom gråten sigande hos Nygaardsvold. Hambro fortel at Nygaardsvold var svært nedbroten, og at det tyske åtaket hadde gjort eit forferdeleg inntrykk på han. Det var som om livet hans hadde rasa saman. Nygaardsvold hadde trudd på fredsviljen hos menneska og på ord som var sagt. Han ba tynt om ikkje Hambro nå kunne ta over ansvaret som regjeringssjef.

Ein gråtande statsminister

Nygaardsvold meinte det burde skipast ei samlingsregjering med Hambro som sjef, og då kongen kom, innleverte han ein søknad om avskjed. Hambro meinte eit regjeringsskifte på dette tidspunktet kunne kome til å forkludre situasjonen og gjere det lettare for tyskarane, og fekk støtte frå kongen i det synspunktet. Kongen nekta å godta avskjedssøknaden frå Nygaardsvold. Stortinget stadfesta avslaget seinare. Trygve Lie skriv i memoarane sine at han trur ansvaret denne dagen kvilte så tungt nedover Nygaardsvold at han prøvde å skuve det frå seg for ikkje å knekkje nakken. Det var inga stor styringslyst over statsministeren den dagen. Snarare var det eit samanbrot. Framfor alt var det Hambro, nokre av dei andre statsrådane og kong Haakon som hadde styringa.
Om kvelden i Nybergsund følgde Hambro Nygaardsvold inn på soverommet og sette seg på sengekanten. Johan Hambro skriv i biografien om faren: «Nygaardsvold begynte igjen å gråte og ba om at han måtte få slippe å bære det tunge ansvar. Og igjen forklarte CJH ham hvorfor det på dette tidspunktet var utelukket. Så trykket han Nygaardsvolds hånd og forlot ham.»

Nei til Quisling

Neste dag kom det endelege nei til dei tyske vilkåra både frå kongen og regjeringa. Kongen først og regjeringa etter. Det tyske kravet om Quisling som statsminister kunne ikkje aksepterast fordi han ikkje hadde noko som helst slags parlamentarisk grunnlag bak seg, og vala hadde også vist at han mangla tillit i folket. I farens stund og med utsikt til at regjeringa måtte røme landet, var det viktig å halde oppe den konstitusjonelle regjeringsinstitusjonen.
Frå 9. april hadde Arbeidarpartiet blitt både nasjonens og konstitusjonens forsvarar. 9. april var også eit nederlag for den alliansefrie politikken, og dei vedtak som vart gjort den dagen la på mange måtar grunnlaget for den alliansepolitikken som er blitt følgt i etterkrigstida. Den langsiktige dramatikken i dei vedtak som vart gjort, såg dei neppe då. Dei hadde meir enn nok med den kortsiktige dramatikken.

London-regjeringa

Det å styre landet frå London i fem lange år var ikkje enkelt, og særleg i tilhøvet mellom regjeringa ute og heimefronten kom Nygaardsvold til å spele ei heilt sentral rolle. Som historikaren Olav Riste skriv i ei av bøkene sine om London-regjeringa: «Når Nygaardsvold ruvar og får statsmannsdimensjonar som norsk regjeringssjef i London under krigen, så er det først og fremst som det vi kan kalle utefrontens «innanriksminister»». Tilhøvet til heimefronten var det han som tok seg av, og det finst knapt ei einaste viktig politisk sak i tilhøvet mellom regjeringa og heimefronten som ikkje kan førast tilbake til Nygaardsvold. Både sta og oppfarande, og tidvis også konfliktskapande, losa han det livsviktige tilhøvet mellom heime- og utefront gjennom den eine brottsjøen etter den andre, også her med god hjelp og støtte frå kong Haakon.

Ein ny maktbase

Johan Nygaardsvold var ikkje Youngstorgets mann, ikkje partiapparatets mann. Det var Stortinget som var hans basis, og han hadde bakgrunnen sin frå lokalpolitikken. Når han skipa regjering i 1935 valde han då også sju av ni statsrådar med forankring i det parlamentariske livet og i lokalpolitikken. På mange måtar vart dei ei distriktsregjering. Berre to kom frå Youngstorget. Først etter eit halvt år slapp partiformannen, Oscar Torp, til i regjeringa. På den måten opna Martin Tranmæl for avansement for nestformann Einar Gerhardsen som den neste partiformannen og statsministeren. I realiteten fekk Arbeidarpartiet med denne regjeringa ein ny maktbase ved sidan av sentral- og landsstyret, og snart vart regjeringa den viktigaste.
Nygaardsvold hadde heller ikkje noko nært vennskapeleg forhold til krinsen rundt Tranmæl og heller ikkje til LO. Hans næraste samarbeidspartnar og venn i regjeringa var kanskje Nils Hjelmtveit som var kyrkje- og undervisningsminister i heile Nygaardsvold si regjeringstid. Men på personleg god fot sto han også med Johan Ludw. Mowinckel, og ikkje minst med sin argaste politiske motstandar, Høgre-leiaren Carl J. Hambro. Det var særleg bøkene som batt dei to saman. Dei var begge store lesehestar, og hadde nokså lik litterær smak. Nygaardsvold sine favorittar i litteraturen var bøkene til den gode vennen hans, Johan Falkberget, og dei svenske arbeidardiktarane. Nygaardsvold og Hambro var mykje saman også privat og kjende seg vel i kvarandre sitt selskap.

Sta og godvillig

Trass i at han kunne verke bister på talarstolen og også i diskusjonar, var Johan Nygaardsvold eit varmhjarta menneske som mange søkte hjelp og støtte frå både i og utanfor Stortinget. Makta han etter kvart fekk, brukte han klokt og sindig, og vart nok både av samtid og ettertid sett på som ein godviljens og samarbeidets mann. Men sta kunne han vere, nesten ikkje til å rikke på, når det var noko han hadde bestemt seg for, og humøret kunne skifte svært. I krigsåra med alt ansvaret tyngjande over seg, vart humørskifta etter kvart eit problem for dei som skulle samarbeide med han. Det er likevel imponerande at han i så stor grad makta å halde regjeringskollegiet samla og med relativt få utskiftingar gjennom dei fem lange krigsåra..
Trygve Lie som sat i regjeringa heile Nygaardsvold-perioden, fortel i memoarboka si «Leve eller dø» om at han og Nygaardsvold frå 1935 og fram til krigen brukte å møtest ved halv tolv tida for å ete lunsj på Tostrupkjelleren. Nygaardsvold skulle kvar gong ha ei halv pils, ein kopp kaffi og to smørbrød. Han likte best smørbrød med spekeskinke eller fenalår eller rakaure når dei hadde det, og gjerne gammalost. Slik var dei fire første dagane i veka. Fredagane var det statsråd og etterpå var det regjeringslunsj på Blom. Nygaardsvold prata ikkje politikk, men om alt anna under desse måltida. Utover i krigsåra derimot kjølna det i tilhøvet mellom Lie og Nygaardsvold.

Heimkomsten

Endå meir enn resten av «utefronten» var Nygaardsvold uviss og litt redd for kva mottaking han ville få når han etter fem år i utlegd skulle setje foten på norsk jord. Det jubelbruset som møtte han og regjeringa når dei steig i land i Oslo 31. mai 1945, ga eit første svar, og det varma. Det skulle snart bli kaldare. Nygaardsvold hadde fleire gongar under krigen offentleg sagt frå at når freden kom ville regjeringa søke avskjed. Han hadde også nærast blitt pressa til å seie det av Heimefronten. Han rekna med at regjeringa skulle granskast, og mens det skjedde burde ho ikkje bli sitjande.
I det første statsråd etter krigen, den 12. juni 1945, innleverte Nygaardsvold søknaden om avskjed, men han hadde ikkje anna råd å gi kongen om etterfølgjaren enn at han ba kong Haakon snakke med partileiarane, med leiaren i Heimefronten, høgsterettsjustitiarius Paal Berg og med stortingspresident Hambro. Rådet frå Hambro og frå partileiarane var at Paal Berg burde prøve å skipe ei samlingsregjering, men det vart snart klart at det ikkje gjekk. Hambro og Høgre ville ikkje støtte ei regjering der to frå Nygaardsvold-regjeringa, Oscar Torp og Trygve Lie, skulle vere med. Arbeidarpartiet kravde dei med. Der stranda det og Berg måtte gi seg.

Gerhardsen tek over

Den 25. juni gjekk Nygaardsvold av og Einar Gerhardsen tok over. Etter at han kom heim og i heile denne prosessen hadde Nygaardsvold stort sett vore tilskodar. Som statsminister var han bitter for ikkje å ha blitt teken med på råd. Han hadde tenkt seg at han fekk vere med på å legge planane for etterkrigstida. Han ville levere «stafettpinnen» vidare på ein verdig måte. Slik gjekk det ikkje. Det var ikkje ein gong tenkt på at statsministeren skulle halde tale den 7. juni når kongen kom attende til landet. Her greip Hambro inn og ordna det slik at både han sjølv og Nygaardsvold fekk seie «et par ord» til kongen.
Konfliktlinene denne første tida gjekk på eit merkeleg vis mellom parlamentarikarane i utlegd, Nygaardsvold og Hambro, på den eine sida, og utanom-parlamentarikarane med bakgrunn i Heimefronten, representert ved Einar Gerhardsen og Paal Berg, på den andre.
Nygaardsvold vart sjølvsagt attvald ved stortingsvalet i oktober 1945. Han gjekk inn i sin siste stortingsperiode, og stilte til val for å kunne forsvare seg i den politiske oppvasken han rekna med ville kome.

Riksrettspørsmålet

Regjeringa Gerhardsen hadde sett ned ein granskingskommisjon som skulle vurdere regjeringa Nygaardsvold sin handlemåte både før og etter 9. april. Kommisjonen konkluderte med at det ikkje var nemnande å utsetje på handlemåten til London-regjering, men derimot var der nokså sterk kritikk av regjeringa sin politikk fram til 9.april 1940. Særleg var kritikken mot Halfdan Koht sterk for hans mangelfulle informasjon både til regjeringskollegaer og til Stortinget i tida før det tyske åtaket.
Johan Nygaardsvold reagerte sterkt på kritikken, og stilte krav om at han skulle stillast for riksrett, slik at han hadde høve til å forsvare seg. Dette vart vurdert av protokollkomiteen i Stortinget, men fleirtalet i komiteen fann at det ikkje var grunnlag for riksrettstiltale. Mindretalet meinte det var slikt grunnlag. I debatten om saka i Odelstinget hadde Nygaardsvold ordet og tok ein grundig gjennomgang av alle skuldingane mot regjeringa. Der enda saka. Odelstinget konkluderte til slutt med at «Saken gir ikke anledning til noen forføyning fra Odelstingets side». Ved avslutninga av debatten konkluderte C. J. Hambro på følgjande måte: «De gjorde det så godt de kunne. Deri ligger deres undskyldning og deri ligger deres dom».
I ettertid har historikarane som har granska det som skjedde i tida før krigsutbrotet kome til at feilvurderingane av den tyske krigsmakta som vart gjort her i landet, neppe var særleg meir graverande enn feilvurderingane i andre land. Ute blant folk flest dei første åra etter krigen, vart likevel regjeringa Nygaardsvold, og særleg utanriksminister Koht, halden som ansvarleg for 9. april. Stemninga var bitter like etter freden, men mildna med åra.

Ei oppreising

Nygaardsvold avslutta den politiske gjerninga si i 1949. Same året fekk han også borgardådsmedaljen i gull for innsatsen sin. Det er den høgaste utmerkinga ein nordmann kan få, og han var glad for utnemninga. Han såg det som ei slags oppreising. I februar 1952 vart Nygaardsvold lagt inn på sjukehus i Trondheim med kreft. Han døydde 13. mars 1952.
Videokjelde: nrk.no http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/417436 [lesedato 11.6.13]

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 14.03.2012
Sist oppdatert: 13.10.2016