Hopp til innhold
X
Innhald

John Gundersen Neergaard

John Gundersen Neergaard, 1795–1885, var bonde og politikar. Neergaard var stortingsrepresentant i 1827–28, 1833–41 og 1843–54. Han tala bøndene si sak og vart særleg kjend for agitasjonsskriftet En Odelsmands Tanker om Norges nærværende Forfatning etc. (1830), som fekk tilnamnet «Ola-boka». Agitasjonen hans før stortingsvalet i 1832 var ei av årsakene til at talet bønder på Stortinget auka frå 20 til 45, medan talet på embetsmenn sokk frå 40 til 33. Dette førte til «bondestortinget» frå 1833.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.03.2016
Sist oppdatert: 31.03.2016