Hopp til innhold
X
Innhald

John Nome

John Nome, 1904–80, var teolog, dr.philos. i 1938 og redaktør av den kristne avisa Vårt Land i åra 1945–49. Han vart dr.theol. i 1951 og professor i religionsfilosofi og etikk ved Menighetsfakultetet i perioden 1951–72.
 
Nome gav mellom anna ut Filosofisk kultur. Georg Simmel som moderne tenker som doktoravhandling i 1938, Det norske misjonsselskaps historie i to band i 1943, Det moderne livsproblem hos Troeltsch og vår tid som doktoravhandling i 1951 og Kritisk forskerholdning i etikk og religionsfilosofi i 1970.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012