Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Naustdalslid

Jon Naustdalslid, samfunnsforskar med særleg kjennskap til kommunane sine livsvilkår i krysset mellom lokalt folkestyre og sentralt pålagde oppgåver.

Jon Naustdalslid er fødd 20. mai 1945 i Naustdal i Sunnfjord. Han tok examen artium ved Firda gymnas på Sandane i 1966 og magistergraden i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 1974. Frå 1975 til 1985 arbeidde han som amanuensis ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule og i 1985–88 som rådgivar for NORAD i Tanzania. Frå 1988 til han gjekk av med pensjon i 2012 var han tilsett ved Norsk institutt for by- og regionforsking, NIBR, i Oslo, i perioden 1989–95 som forskingssjef og i 1995–2007 som instituttsjef.
 
Magisteravhandlinga til Naustdalslid handlar om motstridande interesser i norsk distriktsutbygging. Det har vore tema i mykje av forskinga hans. Då eit offentleg utval kom med tilrådingar om kommunesamanslåingar i byrjinga av 1990-åra, gjekk Naustdalslid kritisk igjennom forslaga i boka Dei arme små. Kritisk lys på framlegget til ny kommuneinndeling. I artiklane «Samfunnsforsking og styring i kunnskapssamfunnet» og «Kommuneinndelinga: 'Stor og sterk eller liten og lykkeleg?'» er kjernespørsmålet kva rolle det lokale sjølvstyret kan spele i samfunnsutviklinga.
 
Naustdalslid har samla mange av forskingsperspektiva i tre framtidsmodellar. I «Kjernen» er kommunegrensene uendra. Politikken handlar om å utvikle nærdemokrati, men staten har overteke mange av velferdsoppgåvene – ei avkommunalisering. I «Fusjonen» har vi få kommunar, med større avstand mellom folkevalde og folket – ei avdemokratisering. I «Hybriden» består småkommunane og løyser oppgåvene gjennom interkommunale ordningar, i praksis eit nytt styringsnivå.
 
Kjelder
Jon Naustdalslid og Andreas Hompland: Dei arme små. Kritisk lys på framlegget til ny kommuneinndeling. Oslo 1993
Jon Naustdalslid: «Samfunnsforsking og styring i kunnskapssamfunnet», i A.L. Fimreite, H.O. Larsen og J. Aars (red.): Lekmannsstyre under press. Oslo 2001
Jon Naustdalslid: «Kommuneinndelinga: 'Stor og sterk eller liten og lykkeleg?'», i Aage Engesæter, Jan Inge Fardal, Lars Ned (red.): Tankerekkjer. Festskrift til Johs. B. Thue – 70 år. Leikanger 2010
Jon Naustdalslid: «Framtida for kommunane», Plan nr. 2/2012
 
Curriculum vitae og publikasjonsliste for Jon Naustdalslid, nibr.no: http://www.nibr.no/ansattCV/CV%20NORSK%202011.pdf [lesedato 3.10.2014]

Først publisert: 04.02.2015
Sist oppdatert: 04.02.2015