Hopp til innhold
Jon Norstog. Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv. Nytta etter avtale.
Jon Norstog. Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Jon Norstog

Jon Norstog, diktar og målmann i det norskspråklege Amerika, der han fekk tilnamnet «Gåta på prærien».

Jon Norstog var fødd i Høydalsmo, Vest-Telemark 15. oktober 1877 og døydde i Nord-Dakota, USA, 23. november 1942. Han gjekk lærarseminaret på Notodden i 1890-åra og blei prega av merkesakene der i den tida. Det var norskdom, kristendom og målsak. I 1902 reiste Norstog til Amerika, etter at han hadde gitt ut ei diktsamling som fekk dårlege kritikkar.
I Amerika arbeidde Norstog først på garden til ein slektning, men byrja snart å skrive i ei norsk-amerikansk avis. Så starta han sitt eige vesle nynorske blad og kalla det Dølen – tidsskrift paa norsk maal. Bladet kom ut med berre få nummer i 1903/04, før det måtte gå inn. Ei stund arbeidde han som lærar, men han heldt fram med å skrive. Til saman gav Norstog ut 25 bøker, fire av dei kom ut i Noreg. Han skreiv i tillegg enkle forteljingar og dikt, men også skodespel med utgangspunkt i Det gamle testamentet.
Norstog hadde problem med å finne forleggjar til bøkene sine, men løyste det ved å kjøpe si eiga presse, der han trykte og batt bøkene sjølv. Så reiste han omkring på prærien og selde bøkene. Slik fekk han namnet «Gåta på prærien».
Norstog var kulturpolitisk svært konservativ. Han meinte at det var den gamle norrøne kulturen som var den einaste ekte norske kulturen, og han skreiv difor på forelda nynorsk. Politisk var han meir radikal. I slutten av trettiåra sympatiserte han med demokratane, og gjennom avisskriving hjelpte han til med å få ein norskætta guvernør i Nord-Dakota.
Kjelder
Arne Sunde: «Jon Norstog – telemarking, norskdomsforkjempar, bladmann og diktar i det norske Amerika», Telemark Historie 1987
Peikarar

Først publisert: 27.11.2011
Sist oppdatert: 29.04.2013