Hopp til innhold
X
Innhald

Jostein Nerbøvik

Jostein Kjetil Nerbøvik, historikar. Han lærte ein heil generasjon studentar historia om demokratiseringa av Noreg på 1800-talet, og viste kva historisk innsikt kan brukast til i praktisk arbeid.

Nerbøvik blei fødd i Volda 10. juli 1938 og ved ein feil døypt Jostein Kjell. Han døydde i Oslo 18. mars 2004. Etter examen artium ved Volda off. landsgymnas i 1958 tok han historie hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1967 med avhandlinga Antiparlamentariske straumdrag i Noreg 1905–14. Han var vitskapleg assistent same staden 1967–70 og lektor ved Nordens folkhögskola, Biskops-Arnö 1969–71.

Nerbøvik var høgskulelektor, seinare førstelektor, ved Telemark distriktshøgskule 1971–82, avbrote av tre år som forskingsstipendiat 1978–80. Frå 1982 var han tilsett ved Møre og Romsdal distriktshøgskule i Volda frå 1982. Der var han professor 1993–2004.

Jostein Nerbøvik var ein av dei fremste sakprosaforfattarane på nynorsk på 1900-talet, med ein særmerkt stil og eit uvanleg rikt ordtilfang. Dette viser att i meir enn 150 artiklar i bøker, tidsskrift, blad og aviser og 13 eigne bøker. Han redigerte 24 bøker, tidsskriftårgangar og temanummer av tidsskrift, mellom anna som redaktør i Liberalt Perspektiv 1962–64 og i Voldaminne 1982–87.

Nerbøvik skreiv læreboka Norsk historie 1870–1905 (1973), som kom i nye utgåver i 1986 og 1999. Med Volda-soga 1800–1945 i fire band 1996–2004 sette han ein ny standard for norsk lokalhistorie.

Frå 1960 er over 230 talar, foredrag, førelesingar og førelesingsrekkjer dokumenterte, og lista er ikkje komplett.

Gjennom meir enn 50 år drøfta han liberalitet og vilkåra for demokrati av myndige borgarar. Norsk historie dominerte, men Nerbøvik arbeidde i akademiske format også mykje med tyske og europeiske emne.

Han var formann i Norges Liberale Studentforbund 1962–63 og politisk nestformann i Norges Unge Venstre 1963– 64. Andre verv var styremedlem i styret for Telemark distriktshøgskule 1972–76, ulike styre i Det Norske Samlaget 1975–90.

Hausten 1990 tok han initiativet til Ivar Aasen-tunet, og han leidde dette arbeidet det meste av tida fram til opninga i 2000. Undervegs drog han store vekslar på historikarens innsikt i demokrati, manøvrering og handlekraft.

Jostein Nerbøvik blei i 2001 tildelt kulturprisen frå Volda kommune.

Kjelder

Ottar Grepstad: Jostein Nerbøvik-arkivet. Portrett, bibliografi og arkivnøkkel. Volda 2019

Først publisert: 21.07.2010
Sist oppdatert: 04.12.2019