Hopp til innhold
X
Innhald

Kari Nordheim-Larsen

Kari Nordheim-Larsen, adjunkt. arbeidarpartipolitikar og tidlegare bistandsminister. I 2006 blei ho utnemnd til fylkesmann i Telemark.

Kari Nordheim-Larsen er fødd 23. juni 1948 i Nome i Telemark. Ho tok vidaregåande skule i 1964–67, gjennomførte eit eittårig sekretærkurs i 1967–68 og var ferdig utdanna adjunkt ved Telemark lærarhøgskole på Notodden i 1984.

Ho arbeidde som sekretær i 1969–73, var timelærar i engelsk og kontorfag hos AOF (Arbeidernes Opplysningsforbund) i 1973–81 og lærar ved Hjartdal barne- og ungdomsskule i 1984–85. Nordheim-Larsen var prosjektleiar i Porsgrunn og Telemark i 1986–87, fylkesvaraordførar for Arbeidarpartiet i Telemark i 1987–90 og regionsekretær i partiet i 1991–92. Ho var bistandsminister i Gro Harlem Brundtland si tredje regjering i 1992–96 og Thorbjørn Jagland si regjering i 1996–97. I 1998–2002 arbeidde ho som leiar for FN sitt utviklingsprogram i Laos. I 2004–06 var ho rådmann i Hol kommune, og ho blei utnemnd til fylkesmann i Telemark i 2006.

Nordheim-Larsen var kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet i bystyret i Skien i 1979–90, medlem av Telemark fylkesting i 1979–95 og fylkesvaraordførar i 1983–90, dei tre siste åra på heiltid.

Ho har hatt fleire administrative verv og tillitsverv. Mellom anna var ho leiar av styret for Telemarksforsking og medlem av styret for forskingsstiftinga Tel Tek i Porsgrunn i 1983–87. I 1987–90 var ho leiar av det regionale høgskulestyret for Telemark og leiar av Telemark forskingsråd, og ho var medlem og deretter nestleiar av Norsk kulturråd i 1988–92. Ho er medlem av styret i SOS barnebyer.

Kjelder

Kari Nordheim-Larsen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=KNL [lesedato 19.10.2016]

Peikarar

Kommunal Rapport: «Ny rådmann i Hol» 

Stine Solbakken: «Kunst og latter følger alltid med», ta.no

Telemark Arbeiderblad: «Kari Nordheim-Larsen blir ny fylkesmann» 

Først publisert: 08.05.2017
Sist oppdatert: 08.05.2017