Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Nystedt

Knut Nystedt, 1915–2014, var komponist, organist og korleiar. Mellom anna leidde han Det norske solistkor i åra 1950–90. Nystedt var ein av føregangsmennene for den nye kyrkjemusikken gjennom bruksmusikk og konsertmusikk, motettar, messer, salmar og orgelverk. Han laga også mykje orkestermusikk, som Canto del mare, kombinert med kor i Brennofferet og Lucis Creator, og kammermusikk, også kombinert med kor, som i Music for a small planet (1984).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.11.2013
Sist oppdatert: 03.09.2019