Hopp til innhold
X
Innhald

Kristen Nygaard

Kristen Nygaard, 1926–2002, matematikar. Professor i informatikk ved Universitetet i Oslo frå 1977. Han var ein av pionerane i norsk edb-utvikling, og er særleg kjend for programmeringsspråket Simula som vart utvikla i samarbeid med Ole-Johan Dahl. Dei fekk den prestisjetunge A.M. Turing Award i 2002. Nygaard var leiar for organisasjonen Nei til EU (tidlegare Nei til EF) i perioden 1990–95.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012