Hopp til innhold
Foto: CF-Wesenberg@kolonihaven.no/ Miljøpartiet De Grønne, Flickr.com CC BY-SA 2.0
Foto: CF-Wesenberg@kolonihaven.no/ Miljøpartiet De Grønne, Flickr.com CC BY-SA 2.0
X
Innhald

Lage Nøst

Lage Nøst, musikar og politikar, talsperson for Grøn Ungdom (GU), ungdomsorganisasjonen til Miljøparitet Dei Grøne frå 2014, saman med Ingrid Ophaug Dahl.

Lage Nøst er fødd 30. juli 1991 i Oslo og voks opp i Molde i Møre og Romsdal. Han tok vidaregåande skule i Molde og ved Stavanger katedralskole i 2007–09. Nøst har jazzutdanning frå Universitetet i Stavanger i 2010–13 og studerte sosiologi same staden i 2013–14.
Nøst melde seg inn i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i 2012. Han er sekretær for MDG i Stavanger frå 2013, var leiar av Grøn Ungdom i Stavanger i 2013–14 og medlem av arbeidsutvalet i Grøn Ungdom sentralt frå 2013. Ved stortingsvalet i 2013 var Nøst nominert på 3.-plass på lista til MDG for Rogaland. Saman med Ingrid Ophaug Dahl blei han vald til talsperson for Grøn Ungdom i 2014.
Grøn Ungdom vedtok på landsmøtet i 2014 å arbeide for klimarettferd og grøn skule- og utdanningspolitikk. Nøst vil arbeide for ein rettferdig klimapolitikk og for at den grøne rørsla skal få gjennomslag i det offentlege Noreg. Han meiner at det er ein motsetnad mellom økologi og økonomi, og vi må redusere det materielle forbruket for at samfunnet skal kome i økologisk balanse.
I 2012–14 var Nøst frilansjournalist for Natt&Dag i Stavanger.
Kjelder
Andrea Bruer: «Nye talspersoner for Grønn Ungdom», mdg.no, publisert 10.3.2014: http://www.mdg.no/nyheter/nye-talspersoner-gu [lesedato 1.6.2014]
Peikarar

Først publisert: 14.10.2014
Sist oppdatert: 14.02.2017