Hopp til innhold
Foto: Scanpix, Statsministerens kontor
Foto: Scanpix, Statsministerens kontor
X
Innhald

Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete, politikar frå Sogn som har representert Senterpartiet både på lokal-, fylkes- og riksnivå. Leiar i Senterpartiet 2008—2014. Tidlegare statsråd i Samferdselsdepartementet og i Kommunal- og regionaldepartementet.

Navarsete er fødd 23. oktober 1958 i Sogndal. Dei seinare åra har ho budd i Lærdal. Ho har utdanning som cand.mag. i økonomi, administrasjon og IKT ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 1999. Yrket sitt har ho hatt innan landbruket som sjølvstendig næringsdrivande sidan 1977, frå 1987 til 1996 som salskonsulent for Sogn og Fjordane meieri.

Forutan å ha sete i kommunestyra både i Sogndal og Lærdal har Navarsete vore medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane 1995–1999 og fylkesutvalet 1999–2005. I 2005 vart ho vald inn som stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane for Senterpartiet (vara 2001–05), men ho gjekk snart over i jobben som statsråd i Samferdselsdepartementet (2005–2009) og i perioden 2009–2013 i Kommunal- og regionaldepartementet. Navarsete vart attvald på Stortinget i 2009, 2013 og 2017. Navarsete var leiar i Sogn og Fjordane Senterpartiet 1998–2004, og 2. nestleiar i Senterpartiet sentralt 2001–2008 og leiar i perioden 2008-2014. Ho var parlamentarisk leiar i Senterpartiet i 2013–14, og utanriks- og forsvarspolitisk talsperson frå 2015. 

Liv Signe Navarsete trekte seg som partileiar etter konflikter i partiet. 7. april 2014 gjekk ho av, og Trygve Slagsvold Vedum vart vald til ny partileiar. Navarsete held fram som stortingsrepresentant.

Navarsete har elles hatt ei rekkje offentlege og private verv, mellom anna som styremedlem i Gjensidige Forsikring og styreleiar i Vestlandsforsking.  

Som samferdsleminister vart Navarsete stilt overfor store utfordringar. I hennar periode har klimaendringane sett sitt preg på det offentlege ordskiftet, og miljørørsla har kravd mindre utslepp frå transportsektoren. Svaret på dette har blant anna vore auka statlege investeringar i jernbanenettet. På den andre sida har mange hatt store forventningar til at Navarsete skulle få til løysingar på uløyste vegprosjekt, ikkje minst i distrikta. Ho har likevel avvist offentleg-privat samarbeid (OPS) som finansieringsmåte i vegsektoren.

Våren 2008 markerte Navarsete seg som ein verdikonservativt medlem av regjeringa. Saman med Magnhild Meltveit Kleppa tok ho dissens på forslaget i den nye ekteskapslova om å gi lesbiske tilgjenge til assistert befruktning. Dette var den første dissensen i denne regjeringa.

Senterpartiet var det partiet i den raudgrøne koalisjonen som gjekk minst attende ved stortingsvalet 2013. Partiet enda på 5,5 prosent, noko som gav ti mandat. Senterpartiet gjekk attende i Navarsete sitt heimfylke Sogn og Fjordane, men vart likevel nest største parti i fylket. Liv Signe Navarsete vart dermed attvald på Stortinget. Senterpartiet gjorde det godt ved stortingsvalet i 2017, og gjekk opp til 10,3 prosent og ni fleire mandat. Best gjorde partiet det i Navarsete sitt heimfylke Sogn og Fjordane, med eit resultat på 29,7 prosent. 

Navarsete blir referert på nynorsk i Stortinget. I 2007 fekk ho Storegutprisen for god og levande nynorskbruk.

Kjelde

Liv Signe Navarsete, «Representanter og komiteer», stortinget.nohttp://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=LSN [lesedato 16.10.2013]

NRK valg: «Valgresultat 2013»: http://valg.nrk.no/valg2013/valgresultat [lesedato 10.9.2013]

NRK valg: «Valgresultat 2017»: https://www.nrk.no/valg/2017/resultat/ [lesedato 15.9.2017]

Peikarar

Biografi om Liv Signe Navarsete på nettsidene til Stortinget

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 01.08.2018