Hopp til innhold

Marius Nygaard

Marius Nygaard, skulemann og språkforskar. Han var den første etter Ivar Aasen som skreiv ei framstilling av grammatikken i landsmålet. Boka kom i 1867 og var den første læreboka i nynorsk grammatikk.

Nygaard var fødd i Bergen 13. september 1838 og døydde i Kristiania 7. februar 1912. Han vart cand.philol. ved universitetet i Kristiania i 1861, var timelærar ved katedralskulen i Bergen 1862–63, deretter adjunkt og overlærar ved katedralskulen i Kristiansand 1864–76. I 1877–94 var han rektor ved gymnaset i Fredrikshald (no Halden) og i 1894–1910 rektor ved Drammens latin- og realskole.

I ungdomen var Nygaard med i den krinsen av målmenn i Bergen som seinare skipa Vestmannalaget i 1868. I 1867 gav han ut Kortfattet Fremstilling af det norske Landsmaals Grammatik. Han hadde brevkontakt med Ivar Aasen, og Aasen gav råd i samband med arbeidet.

Som forskar arbeidde Nygaard særleg med syntaksen i norrønt. I 1905 kom hovudverket Norrøn syntax. Saman med to andre rektorar, Jan Johanssen og Emil Schreiner, gav han i 1887 ut Latinsk Ordbog, som fekk tilnamnet «rektorordboka»Begge bøkene har kome i nye opplag eller utgåver og er i bruk den dag i dag. Nygaard skreiv òg lærebøker i gamalnorsk. Ei av bøkene, Udvalg af den norrøne Literatur for Latin- og Realgymnasier (1875), kom i 18 utgåver og var i bruk i skulen med revidert innhald og tittel så seint som i 1970-åra.

Nygaard var medlem av Undervisningsrådet frå 1898 (formann 1904–08) og gjekk inn for at landsmålet skulle ha større plass i litteraturlesinga i skulen. Saman med Jonathan Aars utarbeidde han det endelege forslaget til 1907-rettskrivinga for riksmål.

Kjelder

Jarle Bondevik: «Dei fyrste grammatikkane i landsmålet etter grammatikken til Ivar Aasen». Maal og Minne 1–2, 3–4. 1988

Eyvind Fjeld Halvorsen: «Marius Nygaard», Norsk biografisk leksikon, bd. 7. Oslo 2003

Halvdan Koht: «Fraa den fyrste maalstrævstida», Festskrift til William Nygaard i anledning av hans 25-aars jubileum som forlagsboghandler 1888 – 20. september – 1913. 1913 

Jostein Krokvik: Henrik Krohn. Vestmannalagsreisaren og målreisaren. Bergen 2002

Finn Nygaard: Rektor Marius Nygaard 13. september 1838–1938. Oslo 1938

Peikarar

Brev frå Ivar Aasen til Nygaard, med merknader til grammatikken hans, 26.2.1867

Kortfattet Fremstilling af det norske Landsmaals Grammatik ved M. Nygaard. Bergen. Ed. B. Gjertsens Forlag. 1867. Faksimilebiblioteket til Språkrådet 

Først publisert: 15.10.2009
Sist oppdatert: 13.02.2018