Hopp til innhold
Mette Newt. Foto med løyve frå Aschehoug.
Mette Newt. Foto med løyve frå Aschehoug.
X
Innhald

Mette Newth

Mette Newther forfattar og biletkunstnar. Ho har gitt ut og illustrert ei rekkje barne- og ungdomsbøker.

Mette Newth, fødd i 1942, er forfattar og biletkunstnar. Ho har gitt ut og illustrert ei rekkje barne- og ungdomsbøker, mellom andre Den lille vikingen, som ho debuterte med i 1969, Lille Skrekk (1975), Soldreperen (1985), Det mørke lyset (1995), Spook (1998) og En plass i verden (2006). Newth har vore formann i Norges Kunstnerråd og Ungdomslitteraturens Forfatterlag. Ho var førsteamanuensis og rektor ved Kunst- og håndverksskolen i Bergen i åra 1989–93, og rektor ved Kunsthøgskolen i Oslo i perioden 1999–2002. I 1985 fekk Newth Kritikarprisen for beste barne- eller ungdomsbok for Soldreperen saman med Philip Newth. Ho fekk Kulturdepartementets litteraturpris for Bortførelsen (1987).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.04.2016
Sist oppdatert: 29.04.2016