Hopp til innhold
Foto: Morten Krogvold
Foto: Morten Krogvold
X
Innhald

Odd Nordstoga

Odd Nordstoga, artist, komponist og tekstforfattar som syng på nynorsk og dialekt. Med Kveldssong (for deg og meg) vart han populær hos dei lyttande massane, og han har sidan vore ein folkekjær artist.

Odd Nordstoga er fødd 10. desember 1972 i Vinje i Telemark. Han er utdanna ved lærarhøgskulen i Bergen. I 1997 debuterte han som plateartist og har sidan gitt ut ti eigne album. Nordstoga bur i dag i Oslo.

Sjå Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland med Å bån og veslegut:

I tillegg til verksemda i sine eige band har Nordstoga arbeidd med ei rekkje ulike utøvarar. Han har skrive musikk til artisten Herborg Kråkevik, har vore gjest hos hiphop-bandet Klovner i Kamp og har hatt ei rolle (Fuglefanten) i ein folkemusikkversjon av Mozart-operaen Tryllefløyta.

Nordstoga voks opp på garden Plassen, der Aasmund Olavsson Vinje heldt til 160 år før han. Dette syner att i enkelte prosjekt. Mellom anna har han og broren, Aasmund Nordstoga, saman med felespelaren Torgeir Leivdal, turnert med konsertprogrammet «Storegut». Denne framsyninga med Vinje-tekstar kom til i 1996 og var òg ute på ein omfattande turné i 2008, då med Per Anders Buen Garnås på fele.

Nordstoga har fått fleire prisar. I 2003 fekk han og Øyonn Groven Myhren Spelemannsprisen i klassen for folkemusikk/gamaldans for plata Nivelkinn. I 2004 vart han årets spelemann og beste mannlege artist. Same året fekk han prisen for god offentleg språkbruk, Vinje kommunes kulturpris og Folkemusikkprisen. I 2007 fekk han endå ein Spelemannspris, denne gongen for musikken til barneprogrammet «Jul i Svingen». For samarbeidsprosjektet og plata Heimafrå fekk Nordstoga Spellemanpris saman med Ingebjørg Bratland i 2013. I 2014 vart Odd Nordstoga saman med broren Aasmund Nordstoga kåra til Årets nynorskbrukar.

Siste generasjonen som lengtar heim

Nordstoga har heile tida uttrykt seg i eit mangfald av musikalske sjangrar, ofte folkemusikkrelaterte. Med gruppa Blåmann Blåmann gav han i 2001 ut musikk i tradisjonen frå Vinje i pop-inspirerte arrangement. Dette året samarbeidde han òg med folkesongaren Øyonn Groven Myhren om å tonesetje og framføre diktsamlinga Nivelkinn av Aslaug Vaa. Verket kom på CD i 2002.

Det er likevel for soloplatene med stort sett eigenkomponerte songar at Nordstoga har fått størst merksemd. Tre CD-ar: Something Odd (1997), Solreven (1998) og Nordstoga (2000), vart utgitt før gjennombrotet kom med Luring i 2004. Kveldssong (for deg og meg) vart ein slager. Plata selde i meir enn 160 000 eksemplar.

Nordstoga framfører mange av songane sine på Vinje-dialekt, noko som tydeleg syner den geografiske identiteten hans. Han veit å spele på bakgrunnen sin, til dømes gjennom titlar som Den siste generasjon som lengtar heim (2000) og Heim te mor (2006). Samstundes tek han opp emne og refleksjonar som er notidige. Utgivinga Heimafrå (2013) er laga i samarbeid Ingebjørg Bratland, med inspirasjon og musikk frå folkemusikktradisjonen i Vinje.

Musikalsk finst eit tilsvarande spenn mellom ein urban og ein rural identitet. Nordstoga nyttar verkemiddel både frå amerikansk country og folk-rock, frå visetradisjonen og frå norsk folkemusikk. Tittelen Kåbbåy (2000) viser den amerikanske påverknaden, men omsett til lokale tilhøve.

Foredla og variert

Dei nemnde kjenneteikna fanst i musikken til Nordstoga før Kveldssong vart allemannseige i 2003. Slik sett bør Ragnar Hovland sin underfundige tekst, om grisen som står og hyler, få noko av æra for gjennombrotet.

Men generelt er Luring eit lyft i høve til tidlegare produksjonar. Arrangementa er meir varierte, spekka av detaljar på ulike instrument. Nordstoga har foredla blandinga av verkemiddel og trekt dei hakket lenger i begge retningar. Ei gruppe hardingfelespelarar gir klare assosiasjonar til norsk kulturarv, medan dei klassisk orienterte strykarane som medverkar i «Borga i ur» peikar mot ei meir glamorøs, symfonisk tilnærming.

Det lystige albumet Heim te mor (2006) har mykje til felles med Luring. Familie, nære relasjonar og «Det som varer» er sentrale tema. Den neste utgivinga, Pilegrim (2008), vart ein kontrast i så måte. Her er det Ragnar Hovland og Stein Versto som står bak tekstane, og vandringsmannen er temaet. Heimlengsla som var eit sentralt tema tidlegare, er her erstatta med ei nyfikne mot fjernare strok. Ein austleg undertone er tydeleg gjennom jazz-trompetisten Arve Henriksen sin japansk-inspirerte falsettsong og kjølege klang, og plata har eit meir dominerande innslag av melankoli og ettertanke enn Nordstoga har vist tidlegare.

Albumet Strålande jul (2009) vart endå ein salssuksess og er den nynorskredigerte plata som har selt mest til no. Saman med Sissel Kyrkjebø spelte Nordstoga inn meir og mindre kjende julesongar, og dei to turnerte i Noreg etter plateutgivinga. I 2010 kom albumet November. Musikken på albumet Bestevenn (2011) er dels skriven til og dels inspirert av TV-serien Vaffelhjarte, som gjekk på NRK 1 hausten 2011. Nordstoga spelte også ei lita rolle i TV-serien. I 2015 kom Nordstoga sitt sjuande soloalbum, Dette landet.

Kjelder

Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen: Norsk pop- og rockleksikon. Oslo 2005

Artikkel frå nrk.no: "Satte barske hjerter i brann", 28.22.2011 http://www.nrk.no/kultur-og-underholdning/1.7893855

Peikarar

Nettstaden til Odd Nordstoga

Først publisert: 20.09.2010
Sist oppdatert: 16.02.2016