Hopp til innhold

Oddvar Nes

Oddvar Sigmund Nes, professor i nordisk språkvitskap. Han var ein nestor i norsk namnegransking og arbeidde med etymologi, leksikografi, dialektforsking og fonetikk.

Oddvar Nes vart fødd i Volda 27. desember 1938 og døydde 18. september 2016. Han gjekk realskule og gymnas i heimbygda, og tok magistergraden i germansk språkvitskap ved Universitetet i Bergen i 1968. Avhandlinga hadde tittelen Studiar i dei eldste nordvestlandske fjordnamna, støttefaga var historie og fonetikk. Han studerte òg tysk.
Nes vart i 1969 amanuensis, seinare førsteamanuensis, ved stadnamnsamlinga ved Nordisk institutt ved Universitetet i Bergen, og var i åra 1987–2008 professor i nordisk språkvitskap, særleg nynorsk. Mykje av arbeidet hans låg innanfor namnegransking, særleg etymologiske spørsmål på dette feltet, men han arbeidde òg med leksikografi, dialektforsking og fonetikk.
Han skreiv rundt 170 av artiklane i Norsk stadnamnleksikon (1976 og seinare utgåver), gav ut kommenterte utgåver av eldre ordsamlingar og skreiv Norsk dialektbibliografi (1986), som omfattar 2600 arbeid. Han gav òg ut Storms norske lydskrift (1982). Frå 1979–80 arbeidde han på eit stort manuskript, Norsk etymologisk ordbok, som omfatta både bokmål og nynorsk, men han rakk ikkje å fullføre arbeidet. Han skreiv mange artiklar i fagtidsskrift og redigerte tidsskriftet Namn og nemne.
Nes var namnekonsulent for kartkontora i Sogn og Fjordane og Hordaland. Etter at den nye stadnamnlova kom i 1990, var han nynorsk namnekonsulent for Vestlandet. Saman med Jarle Bondevik og Terje Aarset skipa han i 1991 Ivar Aasen-selskapet, som har stått for vitskaplege utgåver av etterlatne manuskript av Ivar Aasen.
Som pensjonist var han medarbeidar for Torgrim Titlestad i utgivinga av skriftene etter den islandske historikaren Tormod Torfæus (1636–1917).
I 2009 vart Oddvar Nes heidra med Kongens fortenestemedalje i sølv.

Kjelder
Oddvar Nes: Nes om namn. Heidersskrift til Oddvar Nes på 70-årsdagen 27. desember 2008. Red. Jarle Bondevik og Ole-Jørgen Johannesen. Bergen 2008
Hilde Kristin Strand: «Nes vert heidra for namn». Askøyværingen 13.3.2009
Terje Aarset, minneord, Møre-Nytt 8.10.2016

Gunnstein Akselberg og Jarle Bondevik (red.): Ord etter ord: heidersskrift til Oddvar Nes. Bergen 1998. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.nohttps://www.nb.no/nbsok/nb/46feb6a8fd847a5e67f5598ed4fd95bd

«Heider til Oddvar Nes», Universitetet i Bergen, publisert 16.3.2009, uib.no, https://www.uib.no/lle/20816/heider-til-oddvar-nes [lesedato 8.3.2019]

«Oddvar Nes 70 år», Universitetet i Bergen, publisert 2.2.2009, uib.no, https://www.uib.no/lle/20493/oddvar-nes-70-%C3%A5r [lesedato 8.3.2019]

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 11.03.2019