Hopp til innhold
X
Innhald

Oddvar Nordeide

Oddvar Nordeide, pressemann og avisredaktør frå Førde. Saman med broren Per overtok han og vidareførte faren sitt livsverk, avisa Firda, gjennom det som var ei sterk ekspansjonstid.
Nordeide vart fødd 8. oktober 1921 i Førde, der han også døydde 25. desember 2001. Han tok til å arbeide i trykkjeriet til Firda i 1939. Sidan var han kontormedarbeidar ved sorenskrivarkontoret i Førde i åra 1944–59, men etter dette gjekk han tilbake til Firda for å arbeide som journalist på heiltid.
 
Då faren Olai slutta som redaktør i 1964, tok Nordeide over saman med broren Per. I deira felles redaktørtid auka Firda opplaget frå kring 7 000 til om lag 12 000. Avisa fekk nytt avishus i 1966, gjekk over til offsettrykk i 1973 og opna i 1979 eige avdelingskontor for Dalsfjordregionen. I 1983 døydde broren Per, og Oddvar Nordeide heldt fram som redaktør åleine. Sonen Kjell Ove Nordeide tok over i 1988. Oddvar Nordeide og kona var i mange år engasjert i Norsk Forbund for Utviklingshemmede. For dette arbeidet og for sin langvarige innsats for Firda vart han i 2000 tildelt kongens fortenestemedalje.
 
Kjelder
Atle Ness (red.): Firda 75 år 1918–1993. Førde 1993

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 23.02.2010