Hopp til innhold
Olaf Norli ca 1930–35. Foto: Oslo Museum på oslobilder.no CC BY-SA
Olaf Norli ca 1930–35. Foto: Oslo Museum på oslobilder.no CC BY-SA
X
Innhald

Olaf Norli

Olaf Norli, bokhandlar og forleggjar. Som forleggjar tok han seg av debutantar og nynorskforfattarar.

Olaf Norli var fødd på Sjursøya i Aker (no Oslo) 18. august 1861 og døydde i Oslo 21. januar 1959. Han voks opp i Nordlia på Sjursøya og skifta i 1890 etternamn frå Olsen til Norli.
 
Norli tok mellomskuleeksamen i 1877, gjekk i bokhandlarlære i Kristiania og reiste til Tyskland og Sveits for å lære meir. I desember 1883 opna han saman med Olaf Huseby bokhandel på Karl Johan under namnet Olaf Huseby & Olaf Olsen. Men han gjekk ut av firmaet alt i 1885, arbeidde dei neste åra i bokhandel i Paris og hos Jacob Dybwad i Kristiania, og tok så i mai 1890 over bokhandelen til Huseby under namnet Olaf Norli.
 
Bokhandelen gav Norli økonomisk grunnlag til også å vere forleggjar. Han kunne vere vågal og vart snart kjend som ein forleggjar for debutantar og for forfattarar som skreiv nynorsk. Han dreiv bokhandelen og forlaget heilt til 1948.
 
Norli sat i styret for Den norske Bokhandlerforening 190027, dei tre siste åra som formann, og i styret for Den norske Forleggerforening 1896–99. Han var formann i Norske bokhandleres understøttelsesfond 1911–27. I 1931 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
 
Bokhandlaren
Då Norli overtok bokhandelen til Huseby i 1890, låg lokala i Storgata 17. Etter eit halvt år flytta han til Universitetsgata 24 og vart verande der. Ved sida av vanlege bøker og kontormateriell selde han mykje skulebøker, både nye og brukte. Skuleungdom kom til han for å kjøpe eller selje, og han hadde eit omfattande kontaktnett blant lærarar og skulestyre i mange bygder. Han la òg vekt på å tilby barnebøker. Og som granne til Universitetet vart han snart ein slags universitetsbokhandel.
 
Mange var innom bokhandelen i Universitetsgata, professorar og andre vitskapsfolk, studentar og forfattarar, politikarar og forretningsmenn. Akademiske nyhende vart spreidde og aktuelle spørsmål drøfta når folk møttest der.
 
Norli dreiv i tillegg antikvariat. Den første katalogen kom i 1892, var på 66 sider og omfatta 2349 nummer. Han var ein av dei som tidleg skjøna at gamle bøker på landsmål kunne verte verdifulle, for opplaga var ofte små. Gamle utgåver av norrøne skrifter hadde han òg mykje av. I 1931 kom den første utgåva av Bokvennen, med artiklar og meldingar for boksamlarar og katalog frå Norlis Antikvariat. Han hadde sjølv ei stor personleg boksamling.
 
Forleggjaren
Alt i 1890 kom den første boka frå forleggjaren Olaf Norli, og det var Henry Drummons Det største i verden. Boka var omsett av eldste bror hans, presten Kristian Olsen Nordlid. Snart følgde billige utgåver av andre utanlandske forfattarar: Bertha von Suttner, Dostojevskij og fleire. Den første norske forfattaren var Arne Dybfest, med boka Blandt Anarkister, som òg kom i 1890. Fram mot hundreårsskiftet gav mellom andre Peter Egge, Nils Collett Vogt, Tryggve Andersen, Johan Bojer og Hjalmar Christensen ut bøker hos Norli. På denne tida kom det 12–15 bøker årleg frå forlaget når stort og smått er medrekna. Nicolai Olsen, ein annan bror av Norli, hadde trykkjeri i Kristiania og prenta bøker, blad og brosjyrar for Norli.
 
Etter kvart vart Norli òg kjend som utgivar av bøker på nynorsk. I 1894 kom Sivles diktsamling Noreg, som hadde dikt både på dansk-norsk og landsmål. Andre følgde etter: Vetle Vislie, Jens Tvedt, Hans Seland, Ivar Mortensson-Egnund og Anders Hovden. Og etter hundreårsskiftet kom Kristofer Uppdal, Rasmus Løland, Tore Ørjasæter, Olav Duun, Olaf Hoprekstad, Oskar Braaten, Halvor Floden, Olav Gullvåg, Ragnvald Skrede, Tarjei Vesaas og fleire. Somme var berre innom forlaget, som debutanten Tarjei Vesaas, andre vart verande der heile livet, til dømes Olav Duun og Tore Ørjasæter.
 
Portrett av Olaf Norli ca 1930–35. Foto: Oslo Museum på oslobilder.no CC BY-SA CC
Norli var ei tid den sentrale forleggjaren for forfattarar som skreiv nynorsk. Frå før var det ved sida av Det Norske Samlaget særleg to forleggjarar som gjerne tok imot manuskript på landsmål: Mons Litleré, som døydde i 1895, og Bertrand Jensen, som gav ut landsmålsbøker i tida 1893–1901. Av dei nærmare 1000 titlane som Norli gav ut i si levetid, var over 500 bøker på nynorsk, hevdar Olav Midttun.
 
Norli gav òg ut skulebøker, faglitteratur på nynorsk og folkeminne, mellom anna Johannes Skars Gamalt or Sætesdal. I 20 år gav han ut det illustrerte nynorske bladet For Bygd og By. Frå 1915 til 1923 var han hovudkommisjonær for Det Norske Samlaget.
 
1. januar 1948 overlèt Norli bokhandelen til Bjarne Welle og forlaget til Knut Stalsberg. Dei hadde vore dei nærmaste medarbeidarane hans.
 
Kjelder
Bjarte Birkeland ofl. (red.): Det Norske Samlaget 1868–1968. Oslo 1968
Jon Bleie: «Olaf Norli – vegbrøytaren for den nynorske litteraturen», VG 28.01.1959
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005 (kapittel 17, «Bøker»). Hovdebygda 2005
Olav Midttun: Menn og bøker. Oslo 1963
Olaf Norli. Et festskrift 1883–10. desember 1933. Oslo 1933
«Olaf Norli fyller 80 år.», Aftenposten 18.08.1941
O.M.: «Olaf Norli. 70 år.», Aftenposten 17.08.1931
Idar Stegane: Det nynorske skriftlivet. Oslo 1987
Johan Grundt Tanum: «Olaf Norli», Norsk biografisk leksikon, bd. 10. Oslo 1949
Egil Tveterås: «Olaf Norli», Norsk biografisk leksikon, bd. 7. Oslo 2003
Harald L. Tveterås: Olaf Norlis forlag 1890–1990. Oslo 1990
Harald L. Tveterås: Den norske bokhandels historie, bd. 3. Oslo 1986
Harald L. Tveterås og Egil Tveterås: Den norske bokhandels historie, bd. 4. Oslo 1996
Hans Christian Welle: Norli. Bokhandelen og menneskene 1890–1990. Oslo 1990
 
Peikarar
Harald L. Tveterås: Olaf Norlis forlag 1890–1990. Oslo 1990. Elektronisk reproduksjon, Nasjonalbiblioteket

Først publisert: 12.03.2011
Sist oppdatert: 10.10.2014