Hopp til innhold
X
Innhald

Olai Nordeide

Dankert Olai Olsen Nordeide, redaktør gjennom mange år i avisa Firda. I si redaktørtid bygde han avisa opp frå eit magert utgangspunkt til å bli den dominerande lokalavisa i Sunnfjord.
Nordeide var fødd i Askvoll 7. august 1892 og døydde i Førde i 1970. Han tok handelsskule i Bergen 1910–11 og hadde sidan ymse arbeid i Bergen, Rjukan og Odda. I 1921 flytta han med familien til Førde, der han arbeidde som kontorassistent ved sorenskrivarkontoret fram til 1928. Då overtok han utgivinga av avisa Firda. I 1938 kjøpte han også det tilhøyrande prenteverket.
 
Nordeide sat som redaktør fram til 1964, då sønene Per og Oddvar Nordeide overtok, med unntak av krigsåra 1942–45 då nazistane styrte avisa. I hans redaktørtid auka Firda opplaget frå under 1 000 til over 7 000. Nordeide gav ei tid også ut Tinglysingstidende for Sogn og Fjordane og stod som ansvarleg utgivar for Jul i Sunnfjord 1928–42. Han var medlem av kommunestyret i Førde og leiar i Sunnfjord Sogelag, som i hans leiartid opna det første Sunnfjord museum på Skorpen i Førde.
 
Kjelder
Atle Ness (red.): Firda 75 år 1918–1993. Førde 1993

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 01.03.2010