Hopp til innhold
X
Innhald

Olaug Nilssen

Olaug Nilssen, skribent og dramatikar.

Nilssen er fødd i Solheimsdalen i Førde 28. desember 1977. Ho er cand.mag. frå Universitetet i Bergen med faga nordisk, sosiologi og litteraturvitskap, og ho gjekk på Skrivekunstakademiet same staden. Frå 2008–2010 var ho dagleg leiar ved Skrivekunstakademiet. Ho har vore aktiv i tidsskriftet Vagant, og saman med Gunnhild Øyehaug starta ho i 2005 tidsskriftet Kraftsentrum, der ho var medredaktør til bladet gjekk inn i 2008. I fleire år hadde Nilssen bloggen «Eit eige rom med utsikt», som blei nedlagd i 2008. Ho har også vore aktiv som kritikar og som foredragshaldar. I 2006 var ho festspeldiktar under Dei nynorske festspela. I perioden 2010–2012 sat ho som rådsmedlem i Kulturrådet.
 
Nilssen debuterte i 1998 med boka Innestengt i udyr. Også Vi har så korte armar (2002) og Få meg på, for faen (2005) er skjønnlitterære bøker som kan kallast romanar. Barneboka Ronnys rumpe kom i 2004, og essaysamlinga Hybrideleg sjølvgransking kom i 2005. I 2009 kom boka Nesten frelst av Sigvart Dagsland. Intervjuboka Kjøkkenbenkrealisme. Ærlege historier om tidsklemma (2012) handlar om tidsklemma og småbarnsfamiliars val og vilkår i kvardagen, både om forfattaren sin kvardag og andre småbarnsforeldre. I romanen Tung tids tale (2017) skriv Nilssen opent om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. 
 
Utdrag frå Tung tids tale av Olaug Nilssen

Diagnosesamfunnet, må alt liksom heite noko? Kva skjedde med god, gammaldags maur i beina og makk i ræva, kvifor får ein ikkje berre vere det ein er, utan at det på død og liv må heite noko?

Du spring rundt med impulsane dine, dei kviler aldri i sitt jag etter inntrykk. Eg spring framfor deg og ryddar inntrykka bort, eg spring etter deg og ryddar i ruinane kvar gong eg blir for sein.

Det heiter ADHD. Det heiter «annen disintegrativ forstyrrelse i barndommen». Det heiter autisme. Det heiter subklinisk epileptisk aktivitet. Legane seier det er sant, sjølv om eg prøver å nekte.

Du heiter Daniel. Du er ein sterk gut på ni år. Eg heiter Olaug. Eg er ei stor dame på snart førti.

Utdrag (prolog) frå Olaug Nilssen: Tung tids tale. Det Norske Samlaget 2017. 
I 2006 debuterte Nilssen som dramatikar med stykket Skyfri himmel på Rogaland Teater. Framføringa var bygd opp kring songar av Bjørn Eidsvåg. Også romanen Få meg på, for faen er blitt dramatisert, og stykket blei spelt på Det Norske Teatret i 2007. Romanen har også vorte film, regissert av Jannicke Systad Jacobsens og hausta gode kritikkar. Filmen vann pris for beste manus under Tribeca filmfestival i New York i april 2011 og fekk Amandaprisen 2012 for beste norske kinofilm. I mars 2012 hadde filmen, med den engelske tittelen Turn me on, God damn it, premiere i USA. I 2013 kom dramastykket Stort og stygt, som var eit bestillingsverk til Det Norske Teatret sitt hundreårsjubileum i Språkåret 2013. 
 
I 2004 blei Nilssen kåra av Morgenbladet til ein av dei ti mest interessante forfattarane under 35 år. I 2006 blei ho kåra til Årets rollemodell av lesarane av Det Nye. Nilssen fekk stipend frå Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond og Sigmund Skard-stipendet i 2004. Året etter, i 2005, fekk ho Bergensprisen for boka Få meg på, for faen. I 2005 fekk ho òg Sunnmørsprisen. I 2017 fekk ho Brageprisen for Tung tids tale. Same året mottok Nilssen Klassekampen sin kulturpris, Neshornet.  

Bjørn Sortland og Olaug Nilssen under Dei nynorske festspela 2011. Foto: Kjerstin Gjengedal / Ivar Aasen-tunet.

Bjørn Sortland og Olaug Nilssen under Dei nynorske festspela 2011. Foto: Kjerstin Gjengedal / Ivar Aasen-tunet. 

 

Særprega forfattarskap

Forfattarskapen til Nilssen har fleire særdrag. Eit påfallande trekk er det fragmenterte: Tekstane er sette saman av brotstykke og bitar av ulikt slag. Det kan vere dagbøker, dikt, rapportar, referat, avisutklipp, songar, teikneseriar og spørjeundersøkingar. Bøkene har òg sterke trekk av intertekstualitet, noko som er delvis samanfallande med denne fragment-teknikken, ved at eit tekstfragment kan vere henta ein annan stad frå. Men like gjerne ovrar det intertekstuelle seg som skjulte sitat i teksten: brotstykke og bitar av salmar og stumpar og Bibelen og Vangsgutane som dukkar opp og forsvinn att – og skaper attkjenningsglede hos dei som har lese skriftene Nilssen har lånt frå.
 

Det subjektive og det teatrale

Som bloggar var Nilssen utprega subjektiv. Sjangeren er då også ein mellomsjanger, der terskelen er låg for å lyfte private saker ut i det offentlege rommet. «Eit eige rom med utsikt» var likevel ingen påtrengjande privat blogg, i tydinga utleverande. Namnet er også utprega litterært, sett saman som det er av dei to boktitlane A room of ones own (Virginia Woolf) og A room with a view (E.M. Forster). Også som kritikar har Olaug Nilssen valt ein sterkt subjektiv, leiken og uhøgtideleg stil, der kritikarens møte med teksten står sentralt.
 
Det sceniske, eller teatrale, er tydeleg gjennom heile forfattarskapen til Nilssen. Personane har lett for å tenkje seg at dei blir observerte, og dei set dermed seg sjølve i scene. Det kan vere knytt ulyst til dette, som når Ølgjer Bjørnson i Vi har så korte armar stadig blir observert når han ønskjer å vere usynleg. Eller det kan vere noko ein lengtar etter, slik Maria gjer i Få meg på, for faen, der ho går med replikkane på tungespissen i tilfelle det skulle dukke opp eit fjernsynsteam. Også teksten signaliserer det teatrale ved at det er lagt inn scenetilvisingar, rolleinstruksar og grafiske instruksar i form av store bokstavar, kursiv og ropeteikn. Naturtilstanden er sjeldan. Og der han kjem til syne, er han helst knytt til skam.
 

Skam

Skamma oppstår gjerne der personane har mist kontrollen og avslørt kven dei verkeleg er. Det kan skje gjennom at dei snakkar altfor mykje om banale, private ting, eller at kroppen avslører lyst i utide. Ukontrollert inntak av mat og alkohol er òg skammeleg. For bondestudentane i Vi har så korte armar er det skammeleg å kome frå bygda. Å bli sedd som den ein er, utan å bli hengd ut til spott og spe, er ein utopi mange av personane deler.
 

Kjelder

Sarah Selmer: «Kunsten å lyve ærlig», Vinduet nr. 2/2006
Div. forf.: Forfattarhefte Olaug Nilssen, Biblioteksentralen 2006
Vidar Gudvangen og Oddleif Løset: «Fekk pris for beste manus», nrk.no, publisert 29.4.2011: https://www.nrk.no/sognogfjordane/fekk-pris-for-beste-manus-1.7611620 [lesedato 29.4.2011]
Mailen Sorknes: «'Få meg på, for faen' gjør det stort i USA», dagbladet.no, publisert 30.3.2012: https://www.dagbladet.no/kultur/fa-meg-pa-for-faen-gjor-det-stort-i-usa/63413989 [lesedato 1.4.2012]
Jan Gunnar Furuly: «Få meg på, for faen ble årets kinofilm», aftenposten.no, publisert 17.8.2012: https://www.aftenposten.no/kultur/i/1ndvJ/Fa-meg-pa_-for-faen-ble-arets-kinofilm [lesedato 30.8.2012]
Astrid Hygen Meyer: «Olaug Nilssens utrettelige kamp: På vegne av veldig mange», klassekampen.no, publisert 23.12.2017: http://www.klassekampen.no/article/20171223/ARTICLE/171229971 [lesedato 4.1.2018]
 

Vidare lesing

Vassenden, Eirik: "Så eller men : Olaug Nilssens store og små bokstaver". Den store overflaten : tekster om samtidslitteraturen, 2004, 179-195

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 03.09.2009
Sist oppdatert: 02.08.2018