Hopp til innhold
X
Innhald

Øyvind Nordsletten

Øyvind Nordsletten, jærbu og diplomat, som blei erklært uønskt i Sovjetunionen i 1984, men som kunne vende tilbake som ambassadør til Russland etter 2000.

Nordsletten er fødd 1. juni 1944 og voks opp på Bryne. Han er utdanna ved Forsvarets russiskkurs, Universitetet i Oslo og aspirantkurset til den norske utanrikstenesta, og han har vore tilsett i utanrikstenesta sidan 1974. Her har han mellom anna har vore byråsjef og avdelingsdirektør, og han har hatt fleire stillingar ved norske utanriksstasjonar. I kjølvatnet av Treholtsaka blei han i 1984 erklært uønskt i Sovjetunionen.
 
Nordsletten var den første norske ambassadøren til Ukraina og Kviterussland i perioden 1992–1996. Deretter var han leiar for internasjonal avdeling ved Statsministerens kontor, før han blei utnemnd til ambassadør til Den russiske føderasjonen i 2000. Etter ønske frå utanriksminister Jonas Gahr Støre blei Nordsletten sitjande i denne stillinga heilt fram til 2008, altså lenger enn det som er vanleg praksis i utanriksdepartementet. I perioden 2008–2011 var han norsk ambassadør i Irland. Han er i dag generalkonsul i Murmansk.
 
Saman med kona, Åslaug Undheim, fekk Nordsletten i 2008 Time kommune sin kulturvernpris for å ha restaurert det hundre år gamle huset Arkjå. Han har òg fått Time mållag sin målpris (2003).
 
Kjelder
Ulf Rosenberg: «Russisk bjørn fra Jæren», Stavanger Aftenblad 11.12.2004

Først publisert: 03.02.2010
Sist oppdatert: 25.04.2013