Hopp til innhold
X
Innhald

Per Nordeide

Per Nordeide, pressemann og avisredaktør frå Førde. Saman med broren Oddvar overtok han og vidareførte faren sitt livsverk, avisa Firda, gjennom det som var ei sterk ekspansjonstid.

Nordeide vart fødd i Førde 20. november 1925 og døydde same stad i 1983. Han var elev ved Firda gymnas på Sandane frå 1943, der han i november 1944 vart arrestert saman med fire skulekameratar for å ha høyrt ulovleg på radio. Seinare sat han som fange i Bergen og på Grini til freden kom. Nordeide hadde utdanning som adjunkt ved lærarskulen i Kristiansand og frå Universitetet i Oslo. Han vart lærar ved realskulen i Førde og journalist i Firda.
 
I 1964 overtok Nordeide og broren Oddvar som redaktørar etter faren Olai. I deira felles redaktørtid auka Firda opplaget frå kring 7 000 til om lag 12 000. Avisa fekk nytt avishus i 1966, gjekk over til offsettrykk i 1973 og opna i 1979 eige avdelingskontor for Dalsfjordregionen. Per Nordeide var også engasjert for å reise eit minnesmerke over dei allierte flygarane som fall over Sunnfjord i det store luftslaget 9. februar 1945.
 
Kjelder
Atle Ness (red.): Firda 75 år 1918–1993. Førde 1993

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 03.05.2013