Hopp til innhold
Ragna Nielsen. Ukjent årstal og fotograf. Kredit: Nasjonalbiblioteket, Flickr.com CC BY.
Ragna Nielsen. Ukjent årstal og fotograf. Kredit: Nasjonalbiblioteket, Flickr.com CC BY.
X
Innhald

Ragna Nielsen

Ragna Vilhelmine Nielsen var skulestyrar og pedagogisk pioner innanfor det norske skuleverket. Ho var ei markant kvinnesakskvinne og ein aktiv debattant.

Ragna Nielsen var fødd 17. juli 1845 i Kristiania og døydde 29. september 1924. Ho gjekk på mora sin private «pikeskole» (1852–58) og deretter ved Nissens pigeskole (1858–60). Nielsen følgde i mora og bestemora sine fotspor og tok fatt på læraryrket allereie som 15-åring. I 1862 fekk ho fast stilling ved Nissens pigeskole. Her fekk ho òg den formelle lærarutdanninga si gjennom eit kortvaring kvalifiseringskurs i 1863, ettersom kvinner framleis ikkje hadde tilgang til den offentlege og meir omfattande lærarutdanninga.

I 1879 flytta Nielsen til Tromsø saman med ektemannen. Her underviste ho ved Tromsø offentlige Pigeskole og vikarierte ved ein kommunal skule for gutar, fram til ho i 1884 separerte seg frå mannen sin og flytta attende til Kristiania. Nielsen var ei pedagogisk føregangskvinne i det norske skuleverket. I 1885 opna ho det som seinare blei den første fellesskulen i landet, med undervisning både for jenter og gutar.

Nielsen blei ein markant personlegdom i kvinnesaksrørsla som voks fram i 1880-åra. Ho var med på å skipe Norsk Kvinnesaksforening (1884), der ho var leiar i periodane 1886–88 og 1889–95, og Kvinnestemmerettsforeningen (1885), der ho var styremedlem i åra 1903–13. Dei viktigaste kampsakene hennar var utdanning for kvinner og full likestilling når det galdt juridiske og borgarlege rettar. Ho var ei tydeleg stemme i det offentlege ordskiftet i diskusjonar kring moral og samfunn, og ho var ein dugande talar og skribent.

Ho var ein av initiativtakarane til skipinga av Norske kvindelige Handelsstands Forening i 1890 og Hjemmenes Vel i 1898, den første husmororganisasjonen i Europa. Her var ho leiar i åra 1898–1907. Nielsen var ei av dei første kvinnene som blei valt inn i Kristiania bystyre (1901). Ho var òg med på å skipe Riksmålsforeningen i 1907 og sat som leiar i denne foreininga i perioden 1909–10.

Skulepioneren

Saman med andre kvinnelege lærarar og kvinnesakskvinner, mellom andre Anne Holsen og Anna Rogstad, var Nielsen ei føregangskvinne innanfor det pedagogiske reformarbeidet i skulen. Dei delte ikkje eit felles og heilskapleg pedagogisk syn, men i sentrum for arbeidet deira stod tanken om enkelteleven sine behov og personlege utvikling som premiss for læring. Det blei difor lagt stor vekt på at skulen hadde ei oppdragande rolle i tillegg til det reint faglege.

I 1885 opna Fru Nielsens Latin- og Realskole, som blei banebrytande på fleire måtar. Skulen var i byrjinga berre for jenter, men blei i 1886 den første fellesskulen i landet, med undervisning for begge kjønn. Fellesundervisning blei, særleg av den norske kyrkja, sett på som moralsk usømeleg og blei sterkt kritisert i det offentlege ordskiftet, men for Nielsen var det eit spørsmål om likestilling.

Samstundes eksisterte det framleis få utdanningstilbod for jenter utover grunnskulen, og dette ville Nielsen endre. Dei fleste jenter måtte betale for dyre privatkurs dersom dei ville utdanne seg vidare, og dei måtte ta eksamen som privatistar. Nielsen meinte at dette var ei upraktisk løysing og opna difor opp for at jentene ved hennar skule fekk tilbod om vidareutdanning gjennom både middelskule og gymnas. At Nielsen tilsette kvinnelege lærarar for å undervise gutar, og til og med lét dei undervise på gymnasnivå, var òg radikalt i samtida.

Aktiv samfunnsdebattant

Nielsen tok aktivt del i det offentlege ordskiftet. Medan andre i kvinnerørsla fremja praktisk reformarbeid for å oppnå frigjering og likestilling, handla kvinnekamp for Nielsen om bevisstgjering kring store prinsippsaker om kjønn og moral og om kvinnene sin posisjon i det norske samfunnet. Praktisk arbeid var vel og bra, men det var gjennom dei prinsipielle diskusjonane at ein kunne få opinionen på si side og auke respekten for kvinnekjønnet. Slike diskusjonar ville òg få fleire norske kvinner til å engasjere seg i kvinnesaka.

Mellom anna tok Nielsen eit tydeleg standpunkt i den store debatten om ekteskap, seksualmoral og prostitusjon som gjekk føre seg i samtida. Her retta Nielsen krass kritikk mot bohemane sitt forslag om fri kjærleik for å få bukt med dobbeltmoralen i samfunnet (krav til kysk livsførsel og truskap i ekteskapet på den eine sida og stillteiande aksept av prostitusjon på den andre). Det var tvilsamt at fri kjærleik ville føre til likestilling for kvinner, meinte ho, og det var difor ikkje mogleg å akseptere. I staden stilte Nielsen seg bak dei kristne ideala om sedskap og ekteskap, med like strenge krav til begge kjønn når det galdt seksualmoral.

Kampen om stemmeretten

Som ein av initiativtakarane til etableringa av Kvinnestemmerettsforeningen i 1885 stilte Nielsen seg bak det radikale kravet om stemmerett på lik linje med menn, som på denne tida var avgrensa, knytt til skattbar inntekt. Då alle norske menn fekk stemmerett i 1898, fekk dette kravet nytt innhald, ettersom det no inkluderte alle norske kvinner over 25 år – ikkje berre utdanna kvinner frå borgarskapet med eiga inntekt. Nielsen stilte seg skeptisk til denne utviklinga.

På det aller første nasjonale kvinnesaksmøtet i Bergen i april same året skapte ho difor skandale internt i kvinnesaksrørsla med desse orda: «Hvad vilde det nemlig si, at kvinderne med et Slag fik almindelig Stemmeret? Det vilde si, at Storthinget paa nogle hundrede kvinders Anmodning slap Tusener af kvinder paa engang ind til Valgurnen. Har noget saadant nogensinde skeet i Stemmerettens Historie? Og vilde det ikke være en uforsvarlig Letsindighed af Storthinget at gi Tusener Stemmeret, naar disse Tusener aldrig ved noget Tegn har vist, at de føler sig som myndige Borgere, aldrig har erklæret sig villige til at ta borgerpligterne paa sig og aldrig selv har forlangt 'Borgerettigheter'?»

Det breie laget av norske kvinner viste ikkje tilstrekkeleg politisk engasjement, og då fortente dei heller ikkje stemmerett, meinte Nielsen. Stemmerett var ikkje, slik som den radikale Gina Krog hevda, ein universell menneskerett, men ein borgarrett ein måtte gjere seg fortent til.

Kjelder

Anna Caspari Agerholt: Den norske kvinnebevegelsens historie. Oslo 1937

Ida Blom og Sølvi Sogner (red.): Med kjønnsperspektiv på norsk historie. Fra vikingtid til 2000-årsskiftet. Oslo 1999

Hilde Danielsen, Erinn Larsen og Ingeborg W. Owesen: Norsk likestillingshistorie 1814–2013. Bergen 2013

Gro Hagemann: Skolefolk. Lærernes historie i Norge. Oslo 1992

Mari Jonassen: Livet er et pust. Ragna Nielsen – en biografi. Oslo 2011

Astrid Lorenz: Fra de frimodiges leir. Ragna Nielsen, født Ullmann – skolearkitekt og kvinnereformator. Oslo 2014

Aslaug Moksnes: Likestilling eller særstilling? Norsk Kvinnesaksforening 1884–1913. Oslo 1984

Peikarar

Eit utval av Ragna Nielsen sine talar, virksommeord.uib.no

Først publisert: 28.01.2016
Sist oppdatert: 28.01.2016