Rolf Just Nilsen var ein norsk skodespelar, revyartist og songar. Han var kjend som ein underhaldar med særleg talent for imitasjonskunst. Just Nilsen sitt varemerke var humoren. Han markerte seg også som seriøs karakterkomikar.
Just Nilsen var tilsett ved fleire av institusjonsteatera mellom 1948 og 1976. Songstemma si fekk han bruk for både på scena og i platestudio. Gjennombrotet som songartist kom i rolla som «Operasangeren» på Chat Noir i 1958. Han hadde hovudrolla i fleire musikalar og spela inn humørfylte songar som Fiskeribølgen og Pappa'n til Tove Mette.
Han medverka i eit 20-tals filmar, den første i 1952. Dei neste par tiåra følgde filmar som Operasjon Løvsprett (1962), Stompa forelsker seg (1965) og Knutsen og Ludvigsen (1974). Publikumssuksessen framfor nokon var Ivo Caprino sin animasjonsfilmen Flåklypa Grand Prix (1975), der han gav stemme til fleire av figurane. Filmane og plateinnspelingane gjorde han kjend over heile landet. Eit endå vidare publikum nådde han gjennom radioprogrammet Søndagsposten, der han ofte var gjest, og i TV-serien Lørdagskveld, der han var frittalande narr i samfunnsdebatten.
Gjennom teaterturnear, bygdekinoen og NRK erobra Just Nilsen publikum over heile landet. Mange av platene hans vart først lanserte i radioen. Til liks med skodespelarkunsten er dei prega av humor, med undertonar av alvor. Somme songar er reine tøyseviser, som Julekveld i skogen, andre har samfunnssatirisk snert, som Pappa'n til Tove Mette. Stundom er det vemodet som rår, som i Lille Jensen drar til Mandalay. I 2000 vart det gitt ut eit album med tittelen De beste av Rolf Just Nilsen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.