Hopp til innhold
X
Innhald

Rolf Nordhagen

Rolf Nordhagen, 1894–1979, var botanikar og professor i systematisk botanikk og plantegeografi ved Bergens Museum frå 1929, og professor ved Universitetet i Oslo og styrar av Botanisk hage og museum i åra 1945–64. Nordhagen var ein svært allsidig og produktiv forskar, og han forska mellom anna på historia til norsk fjellflora under og etter siste istida og planter i norsk tradisjon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2013
Sist oppdatert: 28.11.2013