Hopp til innhold
X
Innhald

Rudolf Nurejev

Rudolf Nurejev, 1938–93, var russisk-britisk dansar og koreograf. Nurejev var knytt til Kirov-balletten frå 1958, men hoppa av då ensemblet gjestespela i Paris i 1961. Deretter kunne han feire triumfar ved Grand Ballet og ved American Ballet Theatre, før han i 1962 vart fast gjesteartist ved Royal Ballet som partner for Margot Fonteyn. Frå 1983 verka Nurejev som ballettsjef ved operaen i Paris.
Han hadde gjestespel i både Europa, USA og Australia og var rekna som ein av dei største dansarane på 1900-talet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 03.05.2014