Hopp til innhold
X
Innhald

Sauli Niinistö

Sauli Väinämö Niinistö, jurist, politikar, tidlegare leiar av det finske konservative partiet Samlingspartiet. Han har vore president i Finland sidan 2012 og er den første konservative presidenten sidan 1956.

Sauli Niinistö er fødd 24. august 1948 i Salo i Finland. Han er utdanna jurist frå universitetet i Åbo i 1974. Etter at han var ferdig med utdanninga, arbeidde han først som lensmann i Kisko i 1974–75 og deretter som dommarfullmektig ved lagmannsretten i Åbo i 1976–88, samtidig som han hadde privat praksis.

I 1977 blei han vald inn i kommunestyret i Salo, og han var kommunestyrerepresentant fram til 1992, dei siste tre åra som ordførar. Niinistö var vald inn i Riksdagen (Eduskunta) i 1987–2003 og var partileiar for Samlingspartiet i perioden 1994–2001. Han kom med i regjeringa som justisminister i 1995, og frå 1996 til 2003 var han finansminister, den lengst sitjande i Finsland si historie. Han arbeidde for den europeiske investeringsbanken i 2003–07. Etter valet i 2007 kom han tilbake til Riksdagen med den største mengda av personlege røyster nokon gong, og han var president i Riksdagen i 2007–11.

I 2012 blei han vald til Finlands 12. president. Han blei attvald i 2018, som den første etter innføringa av eit nytt valsystem i 1994 og den første konservative presidenten sidan 1956. Finland har direkte val av president, og presidenten er den som styrer utanrikspolitikken og er øvstkommanderande for dei militære styrkane. Med Niinistö som president har Finland fått eit nærmare forhold til NATO, utan at forholdet til Russland har vore skadelidande.

Frå 1998 til 2002 var Niinistö leiar av EDU, ein paraplyorganisasjon for borgarlege parti i Europa.

Niinistö har fått ei lang rekkje utmerkingar, fleire finske og mange utanlandske. Blant desse er Den kongelige norske fortjenstorden og storkorset av St. Olavs Orden. Han er også utnemnd til æresdoktor ved universiteta i Tammerfors, Åbo, Budapest og Jyväskylä og blei i 2003 ærespresident i Det europeiske folkepartiet.


Kjelder

Jenni Elina Haukio, Republikens presidents kansli: «Sauli Niinistös biografi», presidentti.fi: https://www.presidentti.fi/sv/personuppgifter/sauli-niinisto/sauli-niinistos-biografi/ [lesedato 8.11.2019]

Marko Hietikko: «Vem är Sauli Niinistö?», svenska.yle.fi, sist oppdatert 27.11.2018: https://svenska.yle.fi/artikel/2012/12/06/vem-ar-sauli-niinisto [lesedato 8.11.2019]

 

Peikarar

NTB-Ritzau-AP: «Finske medier hyller presidentens opptreden i møte med Trump», smp.no

Først publisert: 03.09.2020
Sist oppdatert: 03.09.2020