Hopp til innhold
Sigurd Nesdal. Kjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Nytta etter avtale.
Sigurd Nesdal. Kjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Sigurd Nesdal

Sigurd Nesdal var ingeniør, folkedansar og forfattar av både humoristiske vers og ei grundig bok om dei store rasulykkene i Lodalen i Nordfjord.

Sigurd Nesdal var fødd på garden Frøholm i Stryn 27. mars 1915 og døydde i Oslo 12. november 2002.

I ungdomen var Nesdal på vegarbeid før han byrja på utdanninga si. Han hadde eksamen frå Oslo elementærtekniske skole og frå Oslo tekniske skole. Ferdig utdanna var han først tilsett ved Noregs geografiske oppmåling, no Kartverket, før han begynte i Noregs vassdrags- og elektrisitetsvesen. Her var han tilsett fram til han vart pensjonist. Nesdal var redaktør av Fossekallen, eit meldingsblad for NVE, i 20 år.

I 1960-åra hadde Nesdal fleire innslag i NRK radio, både som kåsør og med program om folkemusikk. Humoristen Nesdal vart kjend landet over etter program som «Har du lyst, har du lov» og «Rorbua». Nesdal var mykje brukt som opplesar etter at han gav ut fleire samlingar dikt, der han skreiv vandresoger og folkelege historier om til tekstar med rim. Dikta i Vers (1987), Vers II (1991) og Vers i samling (1996) er prega av frodig humor, med vekt på kjønnsliv, situasjonskomikk og uventa vendingar. Versa til Nesdal har feste i folkeleg forteljekunst, i klar opposisjon til diktarar som «vrir og vrengjer på sjela si», slike som skriv dikt som vanlege folk ikkje skjønar, «sjølv med tolk» (sitat frå «Føreord» i Vers II).

Lodalen – fager og fårleg er ei bok om dei to store rasulykkene i Lodalen i Nordfjord i 1905 og 1936, men det vert òg fortalt om andre større og mindre rashendingar i dalen. Nesdal fortel ikkje berre om ulykkene og dei menneskelege tragediane knytte til rasa. Han formidlar òg kunnskap om kvardagsliv, historie, kulturliv, segner og turisme i Lodalen. Boka er rikt illustrert, med både gamle og nyare fotografi. Lodalen – fager og fårleg kom først ut i 1983, som bok nr. 125 i Norsk Folkeminnelag sine skrifter. I 2003 kom ei ny utgåve, med nokre endringar og nokre fleire fotografi, gjort ferdig av sonen Arild Nesdal.

Sigurd Nesdal var målmann, og dessutan var han sterkt engasjert i folkedans og fråhaldsarbeid. I 1974 vart han utnemnd til æresmedlem i Sogn og Fjordaneringen i Oslo for arbeidet med å finne fram og formidle dansen «Gamalt» frå Nordfjord.

 

Kjelder

Telefonsamtale med Arild Nesdal 3.2.2019

 

Peikarar

Forfattarside om Sigurd Nesdal på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no

Digitaliserte bøker av Sigurd Nesdal på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 27.09.2019
Sist oppdatert: 10.10.2019