Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurður (Jóhannesson) Nordal

Sigurður (Jóhannesson) Nordal, 1886­–1974, var islandsk filolog og forfattar. Hovudverket Íslenzk menning (1942) handlar om Islands kultur i sagatida. Novellesamlinga Fornar ástir (Gammel kjærlighet) frå 1919 er den første islandske prosalyrikken. I sagadebatten var Sigurður (Jóhannesson) Nordal hovudtalsmann for "den islandske skulen" som framhevar sagaene som forfattarverk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.08.2012
Sist oppdatert: 09.08.2012