Hopp til innhold
X
Innhald

Søren Nordeide

Søren Andreas Nordeide, rektor og professor i pedagogikk. Han skreiv tidleg på nynorsk om pedagogikk og psykologi.

Søren Nordeide var fødd i Askvoll 4. februar 1872 og døydde i Trondheim 11. august 1941. Han tok lærareksamen på Stord i 1894, artium i Bergen i 1899 og andreeksamen, førebuande prøve, ved Universitetet i Kristiania i 1900.
I 1902 vart han tilsett ved Volda lærarskule, seinare ved lærarskulen i Levanger, der han vart overlærar i 1913. I 1922 vart han professor i pedagogikk og rektor ved Noregs Lærarhøgskule i Trondheim.
Saman med Erling Kristvik skreiv han i 1913 Lærebok i sjælelæra, i 1916 gav han ut Soga um uppseding og skule, som kom i nye, reviderte utgåver heilt til 1966, og i 1919 kom boka Fraa barn til vaksen. I 1921 følgde Læraren og lærararbeidet og i 1931 I heim og skule. Bøkene var skrivne til bruk i lærarutdanninga.
Han skreiv òg fleire akademiske og populærvitskaplege utgreiingar. I 1928 gav han ut Det sjelelege sanningstilstand. Ei psykologisk utgreiing og i 1934 Den menneskelege personlegdom. Ei psykologisk-pedagogisk utgreiing. Den siste større utgreiinga var Nyare synsmåtar i psykologi frå 1937. Han var oppteken av barnepsykologi, særleg pedagogisk psykologi, var interessert i eksperimentalpsykologi og var skeptisk til psykoanalysen.
Nordeide fekk i 1913 professor Monrads gullmedalje for ei psykologisk avhandling om rompersepsjon, Rumproblemet i den nyere psykologi. Han var på studiereiser til England og Tyskland og var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim frå 1926.
Kjelder
Artiklar om Nordeide i Aftenposten 30.6.1922, 4.2.1932 og 12.8.1941
Ivar A. Bjørgen: «Om Psykologisk institutts globale, nasjonale og lokale røtter», Psykologisk tidsskrift nr. 2, 2009. Trondheim 2009
Thomas Brandt og Ola Nordal: Turbulens og tankekraft. Historien om NTNU. Oslo 2010
Anders Kirkhusmo: «Akademi og seminar». Norges lærerhøgskole 1922–1982. Trondheim 1983
Studentene fra 1899. Kristiania 1924
Studentene fra 1899. Oslo 1949
Hans Midbøe: Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs historie 1760–1960. Trondheim 1960
Søren Nordeide: Det sjelelege sanningstilstand. Ei psykologisk utgreiing. Oslo 1928
Søren Nordeide: Den menneskelege personlegdom. Ei psykologisk-pedagogisk utgreiing. Oslo 1934
Søren Nordeide: Nyare synsmåtar i psykologi. Oslo 1937
Søren Nordeide: Soga om oppseding og skule, fjerde opplag. Oslo 1939

Først publisert: 26.11.2011
Sist oppdatert: 30.04.2013