Hopp til innhold
Foto: Ernst Nikolaisen
Foto: Ernst Nikolaisen
X
Innhald

Stig Nilsson

Stig Nilsson, journalist, høgskulelærar, forfattar og songar som har skrive biografi om Per Oddvar Hildre, Frode Alnæs og Sissel Kyrkjebø.

Stig Nilsson er fødd 24. november 1952 i Kristiansund, der han òg bur. Han har arbeidd som journalistlærling (1972) og som journalist i Tidens Krav, Aura Avis, Sunnmøre Arbeideravis, Fredrikstad Blad og Driva. Han har vore informasjonsleiar i Arbeidarpartiet (1987–89), programsekretær i NRK (1992–94 og 1995–98) og høgskulelærar i journalistikk ved Høgskulen i Volda (2000–2008).
Nilsson har gitt ut tre visebøker (1977–79), barneboka Fanget i mareberget (1981), læreboka Avis frå A til Å (2003) og Belle 'kje å hæl mæ, ordliste over kristiansundsdialekten (2010). Han har skrive biografiane Prots – trollmann med kor (2006) om Per Oddvar Hildre, på nynorsk, Frode Alnæs – mannen som er en gitar (2009) og Sissel (2010).
Han var vokalist og gitarist i gruppa Mad Movies tidleg i 1970-åra og har gitt ut tre soloplater. Han har skrive om lag 300 songtekstar, mellom anna for Jørn Hoel, Frode Alnæs og Sissel Kyrkjebø.
Nilsson var òg ansvarleg redaktør for øvingsavisa Næravisa ved Høgskulen i Volda i fleire år. Av dramatiske arbeid har han mellom anna skrive librettoen til musikkspelet Lady Arbuthnott – Frua på Elverhøi (1996–2011) og byoperaen Donna Bacalao (2008–2011) i Kristiansund.
Nilsson fekk Prøysen-prisen for debutalbumet (1976), NOPAs pris for Årets verk (1994), Nordeas kulturpris (2010) og Fylkeskulturprisen for Møre og Romsdal (2010). Han skriv både nynorsk og bokmål.
Kjelder
E-post frå Stig Nilsson 17.3.2011
Stig Nilsson, personleg nettstad, http://www.stignilsson.net/23010073 [lesedato 14.3.2011]
Peikarar

Først publisert: 26.11.2011
Sist oppdatert: 30.04.2013