Hopp til innhold
X
Innhald

Sven Nyhus

Sven Nyhus, fødd 1932, er bratsjist, felespelar og folkemusikksamlar. Nyhus spela i mellom anna Operaorkesteret, Kringkastingsorkesteret og Filharmonisk Selskaps Orkester før han vigde seg til folkemusikkforsking og mellom anna vart amanuensis ved Norsk Folkemusikksamling i 1975.
Nyhus vart leiar av folkemusikkavdelinga i NRK i 1978. Han har gjort ein stor innsats som nedskrivar av hardingfeleslåttar og slåttar frå Røros. I 1989 vart han statsstipendiat, og mellom 1990 og 2002 verka han som professor ved Noregs musikkhøgskule.
Sven Nyhus fekk Spellemannprisen i 1974 og 1978, og heidersprisen under Spellemannprisen 2000.
Sjå Sven Nyhus Kvartett spele Bergrosa:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2013
Sist oppdatert: 18.10.2013