Faktaboks

Tone Nørvåg

Tone Kathrin Helsem Nørvåg

Fødd
2. februar 1971, Herøy, Møre og Romsdal
Tone Nørvåg.
Av /Samlaget.

Tone Nørvåg er forfattar og politi. Ho kombinerer desse profesjonane når ho skriv barnebøker om ein politihund og føraren hans på spennande oppdrag.

Bakgrunn

Tone Kathrin Helsem Nørvåg er fødd i HerøySunnmøre i Møre og Romsdal. Ho er utdanna ved Politihøgskolen i Oslo (1992–1995), og har hatt ulike stillingar i politiet sidan 1995. I tillegg har ho gitt ut tre barnebøker.

Forfattarskapen

Nørvåg skriv engasjerande om politiyrket, tilpassa ei ung målgruppe. Ho har eit ønske om å formidle kunnskap om politiet sitt arbeid og dei ulike oppdraga dei har. Bøkene er lette å lese, med mykje spenning, variert handling og lett tilgjengeleg språk. Forteljingane er ramma inn av kystnatur med mykje vestlandsvêr. Forfattaren skildrar både familieliv, yrkesliv og, ikkje minst, hundeliv. Hendingane i bøkene vert presenterte frå politihunden Falk sitt perspektiv, og forfattaren fortel om både hunden og politiarbeidet med innsikt, varme og humor.

Politihunden Falk til teneste! (2011) er den første boka i serien om politikollegaene Hanne og schæferhunden Falk. Lesarane vert kjende med familien dei to er ein del av, og får vere med den unge og lærevillige hunden på sine første oppdrag for politiet. Politihunden Falk på nattevakt (2012) og Politihunden Falk på farleg oppdrag (2014) følgjer òg det sympatiske politiparet når dei etterforskar ulike brotsverk og er med på leiteaksjonar. Spenninga aukar i jakta på forbrytarar, og arbeidet til Falk og føraren hans vert skildra med innleving og truverd. Serien kan lesast som ein kombinasjon av forteljingar og fagbøker for barn. Bøkene er illustrerte av Odd Henning Skyllingstad.

Bibliografi

  • Politihunden Falk til teneste! (Barnebok, Samlaget, 2011)
  • Politihunden Falk på nattevakt (Barnebok, Samlaget, 2012)
  • Politihunden Falk på farleg oppdrag (Barnebok, Samlaget, 2014)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg