Hopp til innhold
X
Innhald

Torborg Nedreaas

Torborg Nedreaas, 1906–87, var forfattar og dobbel novelledebutant i 1945 med samlingane Før det ringer tredje gang og Bak skapet står øksen. I 1947 kom romanen om ein kvinnelagnad, Av måneskinn gror det ingenting.
 
Novellesamlinga Trylleglasset frå 1950 fekk Kritikarprisen. Nedreaas gav òg ut novellesamlingane Stoppested i 1953 og Den siste polka i 1965 og romanane Musikk fra en blå brønn i 1960 og De varme hendene i 1952. Ho skreiv òg høyrespel. Kåseri og artiklar i utval kom i Ytringer i det blå i 1967 og Vintervår i 1982.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 21.05.2013