Hopp til innhold
X
Innhald

Niels Tygesen Knag

Mykje av Ytre Sogn kom på Niels Tygesen Knag sine hender i 1710. © Fylkesarkivet.

Mykje av Ytre Sogn kom på Niels Tygesen Knag sine hender i 1710. © Fylkesarkivet.

Niels Tygesen Knag (Knagenhielm) (1661-1737) fødd på Vågnes på Sunnmøre, busett m.m. i Bergen og på Askøy. Lagmann, justisråd og godseigar, og stamfar til Knagenhjelm-slekta i Kaupanger.

Foreldra til Knag var sorenskrivar Tyge Castberg og futedottera Maren Knag. Frå broren til Nils Knag, Christoper Castberg, stammar den norske Castberg-slekta.

Karriere som sorenskrivar

Niels Knag starta karrieren som sorenskrivarfullmektig i Gausdal før han i 1685 vart sorenskrivar i Finnmark, og frå 1688 også fut same stad. I denne tida utarbeidde han eit oversyn over busetnad, kultur og næringsvegar m.m. i Finnmark - «Finnmarks Beskrivelse». Under opphaldet i Finnmark bygde Knag ein stor formue - truleg ved å drive handel.

Lagmann på Vestlandet

Vart 1688 viselagmann i Stavanger, frå 1692 same stilling i Bergen. I 1695 utnemnd til lagmann i Bergen. Kring garden sin Hop på Askøy skaffa han seg etter kvart store eigedomar.

Flytta til Sogn

I 1710 kjøpte Niels Knag Kaupanger-godset (sjå: Kaupanger Hovedgård), setegarden Stedje (Storgarden Stedje) og delar av det tidlegare godset til Losna-ætta i ytre Sogn frå stiftsamtmannen i Trondheim, Iver Prebenssøn von Ahnen (sjå: Preben von Ahnen til Bodøgaard).

Vart adelsmann

Vart adla i 1721 og fekk namnet Knagehielm. Han fekk rang som justisråd i 1733. Ved fleire høve fungerte Knagenhielm også som stiftsamtmann i Bergens Stiftsamt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011