Hopp til innhold
X
Innhald

Nikolai Hanson Ramsgrø

Hyllestad ca. 1930. Midt på biletet Langebua, som Nikolai Ramsgrø bygde.

Hyllestad ca. 1930. Midt på biletet Langebua, som Nikolai Ramsgrø bygde.

Nikolai Hanson Ramsgrø (1841-1916) frå Ramsgrø.

Utdanna lærar, men starta handel på Risnes, Sagosen og Korssund, før han slo seg ned i Hyllestad i 1888 for å drive handel der. (sjå Landhandlar i Hyllestad )

I Hyllestad sette han opp ei stor sjøbu som tidlegare hadde stått både i Bremanger, Bulandet og Korssund. Bua er no teken vare på av Kystmuseet.

Bua til Nikolai Ramsgrø står framleis, den blir teken vare på av Kystmuséet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bua til Nikolai Ramsgrø står framleis, den blir teken vare på av Kystmuséet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.09.2010