Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Christian Irgens

Damstredet 1-3 i Oslo, der Irgens budde.

Damstredet 1-3 i Oslo, der Irgens budde.

Nils Christian Irgens (1811-1878) fødd i Sogndal, voks opp i Solvorn. Offiser og politikar.

Utdanna offiser 1830 og avanserte til han vart oberst i 1861, og generalmajor og sjef for ingeniørbrigaden 1863-1868. Han vart medlem av Svenska Akademien i 1865, og sat m.a. i styret for Militærhøyskolen og Hovedjernbanen.

Irgens var statsråd for Armédepartementet 1868-1872, men gjekk saman med statsråd O. J. Broch ut av regjeringa til Fredrik Stang i protest fordi fleirtalet i regjeringa nekta statsrådane å ta del i forhandlingane i Stortinget, slik Stortinget hadde vedteke.

Irgens var ein av skiparane av Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug i 1861, og han var leiar frå 1864 til 1867. Centralforeningen var forløparen til Norges Idrettsforbund.

Son til Lars Johannes Irgens.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.02.2010