Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Hansson Lerum

Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK,

Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK,

Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK,

Nils Hansson Lerum (1878-1968) frå Sørheim, busett i Sogndal. Handelsmann og industribyggjar, og ættefar til dei som seinare bygde opp det store Lerum-konsernet i Sogndal.

Hans arbeidde først som skreddar. I 1906 starta han og ektemaken Kari Hansdotter Ørbech (1883-1953) handel på «Bui» på Sørheim - sjå N. H. Lerum Assortert Landhandel. Her tok dei imot m.a. bringebær som folk fekk byte i kjøpevarer. For å berge desse bæra, starta dei saftproduksjon i mindre målestokk. Dei bygde ein liten saftfabrikk i 1909. Denne vart restaurert av Lerum-konsernet i 1997.

Auka produksjonen

I 1918 var produksjonen i den vesle fabrikken på Sørheim komen opp i 40.000 liter saft og 20.000 kilo syltetøy. I 1919 flytta Lerum produksjonen til Sogndal og skipa N. H. Lerum Saftfabrikk A/S med seg sjølv som hovudaksjonær. (Les meir i artikkelen Lerum-konsernet under Sogndal kommune).

I 1926 overtok Nils og Kari Lerum eit gardsbruk på Havreberg like ved Sørheim. Denne garden dreiv dei til 1957, men flytta alt i 1952 tilbake til den gamle landhandelen «Bui». Nils Hansson Lerum var styreformann i Lerums Saftfabrikk til 1961.

Far til Karl Lerum.

Saftfabrikken som Nils H. Lerum starta på Sørheim er restaurert av etterkomarane hans og er no museum. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Saftfabrikken som Nils H. Lerum starta på Sørheim er restaurert av etterkomarane hans og er no museum. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.03.2011