Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Johannesson Loftesnes

Minnestøtta ved Stedje kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Minnestøtta ved Stedje kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nils Johannesson Loftesnes (1789-1848) frå Loftnesnes i Sogndal. Bonde, musketér og Eidsvoll-mann.

Han var først bonde på «Kristengarden» på Loftesnes, som han tok over i 1813. I 1820 selde han og vart gardbrukar på Steinahjem i Sogndal.

Han var i 1814 musketér i Sogndalske Compagnie - sjå: Krigshistoria i Sogndal.

Loftesnes vart utsending til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814, vald som utsending frå Bergenshusiske Regiment saman med kaptein Ole Elias Holck frå Alværa.

I 1914 vart det reist ei minnestøtte over Loftesnes ved Stedje kyrkje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011