Hopp til innhold
X
Innhald

Nils L. Landmark

Nils L. Landmark (1775-1859) var i tillegg til å vere sorenskrivar og politikar ein pådrivar for utviklinga av jordbruket.

Nils L. Landmark (1775-1859) var i tillegg til å vere sorenskrivar og politikar ein pådrivar for utviklinga av jordbruket.

Nils L. Landmark (1775-1859) fødd i Oslo, busett på Tysse. Sorenskrivar, politikar og jordbrukspionér.

Son til kunstvevar Nils Swensson frå Värmland. Saman med tre sysken skifta Nils familienamn til Landmark i vaksen alder. Faren døydde då Nils var sju år gamal, og frå han var 16 år gamal vart han fostra opp hos slektningen Jens Stub, sorenskrivar i Nordfjord. På sorenskrivargarden Leikvin var han kontorlærling til han med økonomisk støtte frå Stub reiste til København og tok juridisk embetseksamen i 1797. Arbeidde som sorenskrivarfullmektig i Sunnfjord og Nordfjord inntil han i 1808 vart sorenskrivar i Sunnfjord, eit embete han hadde til 1852. Han busette seg i 1809 på sin eigen gard på Tysse i Fjaler.

Landmarkane - pionérar i norsk landbruk

Landmark bygde ut Tysse til eit mønsterbruk, og fekk reist det store hovudhuset slik det står i dag. Han var ein av dei første i distriktet som dreiv organisert skogplanting, og gjorde ein stor del av eigedomen om til ein vekslande naturpark, med alléar og hage ned mot fjorden.

Det Holmedalske Sogneselskab

Nils L. Landmark skipa Det Holmedalske Sogneselskab i 1811, og var formann til 1854. Selskapet arbeidde m.a. for nydyrking, skogplanting og fruktavl. På garden sin på Tysse tok Landmark i fleire år imot bondegutar og gav dei opplæring i moderne jordbruksdrift. Les meir i artikkelserien Dei første landbruksorganisasjonane under Sogn og Fjordane fylke – Organisasjonar. Han skipa også «Søndfjords Læseselskab» som hadde mykje å seie for den litterære påverknad innan embetsfamiliene i Sunnfjord (sjå m.a. Kristian Elster d.e., Hjalmar Christensen og Ole Wilhelm Fasting. Sjølv skreiv Nils L. Landmark også dikt med romantisk tilsnitt. På ei høgde ovanfor gardstunet fekk han i 1824 løyve til å skipe familiegravstaden «Fredensborg». Landmark vart vald til stortingsrepresentant i 1821 og 1822.

Landmark på Tysse og Leitet

Nils L. Landmark er stamfar til Landmark-slekta på Tysse, medan to eldre brør er stamfedre til Landmark-slekta sine greiner i Romsdal og i Nordland. Broren Andreas var fut i Romsdal, og stortingsmann frå Romsdal Amt. På Stortinget markerte dei to brørne seg som svært kongetru, og støtta kong Karl Johan i alt han gjorde. Landmark vart «som takk» for kongevenskapen, utnemnde til riddar av «Nordstjerneordenen».

Mange born

Nils L. Landmark fekk i to ekteskap til saman 15 born, og nokre av dei nemner vi her: Frå første ekteskap med prestedottera Barbra Widing Heiberg frå Gloppen (sjå Gabriel Heiberg (Gloppen)):

rå andre ekteskap med prestedottera Christine Wilhelmine Lange frå Furnes:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.03.2008